Akademiet Bergen

Koordinatar: 60°23′15″N 5°19′53″E / 60.387461°N 5.331372°E / 60.387461; 5.331372
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°23′15″N 5°19′53″E / 60.387461°N 5.331372°E / 60.387461; 5.331372

Akademiet Bergen
SkuletypeVidaregåande skule
Org.nummer886897502
Grunnlagd2004
Region/fylkeVestland
KommuneBergen kommune
AdresseJonas Reins gate 4, 5008 Bergen
RektorRita Hatlestad
Elevar120 (ukjend) Endre på Wikidata
Tilsette19 (ukjend)[1] Endre på Wikidata
Nettstadhttps://akademiet.no/vgs/bergen
Kart
Akademiet Bergen
60°23′15″N 5°19′53″E / 60.387461°N 5.331372°E / 60.387461; 5.331372

Akademiet Bergen er ein privat vidaregåande skule i Bergen. Skulen starta opp i 2004 og har omlag 120 elevar (2016). Skulen er ein del av Akademiet, den største private skulekjeda i Noreg,[2] med skular i Bergen, Drammen, Fredrikstad, Oslo, Kristiansand, Molde, Sandnes, Trondheim og Ålesund.[3]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Ved skipinga i 2004 heldt skulen til i Fabrikkgata. Han held så til i Lars Hilles gate 17 i fleire år og blir frå hausten 2017 å finne i Johannes Bruns gate 12.

Opplæringstilbod[endre | endre wikiteksten]

Skulen tilbyr følgjande utdanningsprogram og programområde:

Påbygg til generell studiekompetanse[endre | endre wikiteksten]

Dette utdanningsprogrammet skal gi studentar generell studiekompetanse etter fyrst å ha hatt yrkesfagleg utdanning på Vidaregåande trinn 2. Faga er historie, kroppsøving, naturfag, norsk og matematikk, i tillegg til eitt programfag.[4]

Studiespesialisering[endre | endre wikiteksten]

Dette utdanningsprogrammet[5] skal førebu elevane for vidare studier ved universitet og høgskular. Med bestått vitnemål oppnår ein generell studiekompetanse.

I Vidaregåande trinn 1 er utdanningsprogrammet likt ved alle skular (bortsett frå fellesfaga framandspråk og matematikk), og inneheld faga engelsk, framandspråk, geografi, kroppsøving, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag.[6] Akademiet Drammen tilbyr framandspråka engelsk, fransk, tysk og spansk. Vidaregåande trinn 2 og 3 består av både fellesfag og programfag. På begge trinna vel ein 3 programfag der minst 2 må vere innanfor eit valt programområde: realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Fellesfaga på det andre trinnet er framandspråk, historie, kroppsøving, matematikk og norsk,[7] og på det tredje trinnet historie, kroppsøving, norsk og religion.[8]

Privatistundervising[endre | endre wikiteksten]

Akademiet Privatistskole tilbyr undervising for privatistar. Undervisinga er på både dagtid og kveldstid,[9] og er skilt frå øvrige opplæringstilbod. Akademiet tilbyr faga biologi, fysikk, engelsk, historie, kjemi, kroppsøving, matematikk, medie- og informasjonskunnskap, naturfag, norsk og samfunnsfag.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]