Akademiet Drammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°44′22.6″N 10°10′52.9″E

Akademiet Drammen
Akademiet drammen bygning1.JPG
Foto: Petter Ulleland
MottoFor deg som vil litt mer
SkuletypeVidaregåande skule
FylkeBuskerud
KommuneDrammen
AdresseSkogliveien 4
3047 Drammen
RektorHilde Dramdal
Elevar300

Akademiet Drammen er ein privat vidaregåande skule i Drammen. Skulen starta opp i 2005 og har 300 elevar. Skulen er eng kjeldeein del av Akademiet, den største private skulekjeden i Noreg,[1] med 11 skular[treng kjelde] i Drammen, Fredrikstad, Kristiansand, Oslo, Molde, Sandnes, Stavanger og Ålesund.[2]

Akademiet Drammen scora både i 2011, 2012, 2013 og 2014[treng kjelde] høgst på elevundersøkinga til Utdanningsdirektoratet, og vart i følgje denne undersøkinga den beste vidaregåande skulen i landet.[3][4] I følgje tall frå Utdanningsdirektoratet får elevane ved skulen jamt over høge karakterar til standpunkt og eksamen.[5] Skulen har høge søkjartal og difor særs høgt karaktersnitt for opptak.[6][7]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Ved skipinga i 2005 heldt skulen til på Landfalløya. I 2008 flytta skulen til lokaler i Skogliveien 4, ved Sundland næringspark i Drammen, ca. 1,5 km frå Strømsø sentrum og Marienlyst Stadion. Det er her dei no held til.

Opplæringstilbod[endre | endre wikiteksten]

Skulen tilbyr følgjande utdanningsprogram og programområde:

Medier og kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Dette utdanningsprogrammet[8] gir studenten generell studiekompetanse, men er yrkesretta med tanke på seinare jobb innanfor avis, TV, radio, web, reklame eller grafisk design.

Vidaregåande trinn 1 består av programfaga mediedesign og medieuttrykk, mediekommunikasjon og medieproduksjon, i tillegg til fellesfaga engelsk, kroppsøving, matematikk og norsk.[9] Vidaregåande trinn 2 består av dei same programfaga i tillegg til fellesfaga engelsk, kroppsøving, norsk og samfunnsfag.[10] Vidaregåande trinn 3 består av det felles mediefaget medier og kommunikasjon og dei valfrie programfaga bilete, tekst eller lyd, i tillegg til fellesfaga historie, kroppsøving, matematikk, naturfag og norsk.[11][12]

Påbygg til generell studiekompetanse[endre | endre wikiteksten]

Dette utdanningsprogrammet skal gi studentar generell studiekompetanse etter fyrst å ha hatt yrkesfagleg utdanning på Vidaregåande trinn 2. Faga er historie, kroppsøving, naturfag, norsk og matematikk, i tillegg til eitt programfag.[13]

Studiespesialisering[endre | endre wikiteksten]

Dette utdanningsprogrammet[14] skal førebu elevane for vidare studier ved universitet og høgskular. Med bestått vitnemål oppnår ein generell studiekompetanse.

I Vidaregåande trinn 1 er utdanningsprogrammet likt ved alle skular (bortsett frå fellesfaga framandspråk og matematikk), og inneheld faga engelsk, framandspråk, geografi, kroppsøving, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag.[15] Akademiet Drammen tilbyr framandspråka engelsk, fransk, tysk og spansk. Vidaregåande trinn 2 og 3 består av både fellesfag og programfag. På begge trinna vel ein 3 programfag der minst 2 må vere innanfor eit valt programområde: realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Fellesfaga på det andre trinnet er framandspråk, historie, kroppsøving, matematikk og norsk,[16] og på det tredje trinnet historie, kroppsøving, norsk og religion.[17]

Privatistundervising[endre | endre wikiteksten]

Akademiet Privatistskole starta opp hausten 2008 og tilbyr undervising for privatistar. Undervisinga er på både dagtid og kveldstid,[18] og er skilt frå øvrige opplæringstilbod. Akademiet tilbyr faga biologi, fysikk, engelsk, historie, kjemi, kroppsøving, matematikk, medie- og informasjonskunnskap, naturfag, norsk og samfunnsfag.[19]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «NRK: Privatskole omgår Regjeringens privatskoleregler». 27. februar 2012. 
  2. «Akademiet.no - Om oss». 29. september 2012. 
  3. «NRK Søndagsrevyen 23.10.11». 27. februar 2012. 
  4. «Dagens Næringsliv 13.09.12 - Mangfold gir bedre skole. 17. desember 2012. 
  5. «Utdanningsdirektoratet / Skoleporten - Resultater 09.06.11». 15. desember 2012. 
  6. «NRK Østafjells: Rekordmange søkere til privat skole». 24. april 2013. 
  7. «Drammens Tidende: Høyest poengkrav på privatskole». 4. juli 2013. 
  8. «Udir.no: Utdanningsprogram: Medier og kommunikasjon». 29. juni 2012. 
  9. «Akademiet.no: Videregående utdanningsprogram: Medier og kommunikasjon Vg1». 29. juni 2012. 
  10. «Akademiet.no: Videregående utdanningsprogram: Medier og kommunikasjon Vg2». 29. juni 2012. 
  11. «Udir.no: Studieforberedende Vg3 innen medier og kommunikasjon». 29. juni 2012. 
  12. «Akademiet.no: Videregående utdanningsprogram: Medier og kommunikasjon Vg3». 29. juni 2012. 
  13. «Akademiet.no: Utdanningsprogram: Påbygging til generell studiekompetanse». 29. juni 2012. 
  14. «Udir.no: Utdanningsprogram: Studiespesialisering». 29. juni 2012. 
  15. «Akademiet.no: Videregående utdanningsprogram: Studiespesialisering Vg1». 29. juni 2012. 
  16. «Akademiet.no: Videregående utdanningsprogram: Studiespesialisering Vg2». 29. juni 2012. 
  17. «Akademiet.no: Videregående utdanningsprogram: Studiespesialisering Vg3». 29. juni 2012. 
  18. «Akademiets undervisningstilbud for privatister». 27. februar 2012. 
  19. «Akademiet.no: Kurstyper». 29. juni 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]