Akademisk kunst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexandre Cabanel, Venus' fødsel (1863).

Akademisk kunst er nemninga om ein kunststil som blei nytta innan måleri og skulptur på 1700- og 1800-talet som hadde opphav i europeiske akademi og universitet. Nemninga gjeld særleg verka til kunstnarar som var påverka av tankane ved franske Académie des beaux-arts, slik dei blei utvikla under den nyklassisistiske og romantiske perioden.

Karakteristisk for den akademiske kunsten er ein utprega perfeksjonistisk stil, framstillinga av historiske eller mytologiske motiv og det at at kunstnaren formidler ein moralsk bodskap.

«Akademisk kunst» kan også få ei vidare tyding, der omgrepet omfattar stilar eller haldningar som er rådande ved akademi eller universitet til ei kvar tid. I ein slik samanheng vil ei kvar nyskapande retning som blir godteken i akademiske og institusjonelle miljø bli sett på som «akademisk».

Akademiske kunstnarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]