Akan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akan
Klassifisering: Niger-kongo
 Atlantisk
  Volta-kongo
   Kwa-språk
    Nyo-språk
     Potou-tano-språk
      Tano-språk
       Sentrale
        Akan-språk
         Akan
Bruk
Tala i:  Ghana
Akantalande i alt: 8 300 000[1]
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1: ak
ISO 639-2: aka
ISO 639-3: aka
Wikipedia på akan

Akan er eit niger-kongospråk som vert tala i Ghana og Elfenbeinskysten. Akan er eit avgrensa tonespråk. Det er morsmålet til akanfolk og blir tala i Sør-Ghana og i sentrale og austlege delar av Elfenbeinskysten. Rundt 80 % av innbyggjarane i Ghana talar akan, medan 44 % har det som morsmål. Det er dermed det viktigaste lokale språket i Ghana.[2]

Akan blei også spreidd til Amerika gjennom slavehandelen. I land som Surinam og Jamaica finn ein spor etter språket i namn og folkeeventyr.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]