Akantus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Akantusdekorasjon)
Denne artikkelen handlar om ornamentikken. For planteslekta, sjå akantusslekta. For plantefamilien, sjå akantusfamilien.
Akantusblad av Alexis Peyrotte.

Akantus (frå gresk akanthos, av akantha, 'torn') er stiliserte blad av plantar i akantusfamilien, og er eit ubtreidd motiv innan ornamentikk. Motivet er kjend frå gresk og romersk arkitektur, og seinare i kyrkjeinteriør, og i norsk samanheng i ulike former for folkekunst som treskjering og rosemåling.[1]

Teikning av akantusblad og akantusornamentikk.

Akantusdekor er særleg inspirert av to artar, mjukakantus (A. mollis) og torneakantus (A. spinosus). Desse plantane har sterkt flikete blad og markerte bladnerver. Frå 500–600 f.Kr. blei avbildingar av slike blad brykt til å smykka ut toppstykket til gravsteinar av grekarane. Seinare blei motivet brukt arkitektonisk på akroteri på toppen av bygningar og andre detaljar. Ifølgje Vitruvius fekk bilethoggaren Kallimakhos ideen til det korintiske kapitelet, som er bygd opp av akantusblad, av ei korg på grava til ei ungjente som var omslynga av ein akantusplante.[1]

Romarane nytta blada mykje som motiv. Nokre av dei best kjende akantus-smykkea monumenta er Ara Pacis i Roma, som blei oppført av keisar Augustus i 9–13 f.Kr. I bysantinsk arkitektur blei blada spreidde over ein brei flate og gjennomhola.

Akantus har sidan vore nytta gjennom heile den europeiske kunsthistoria. Motivet fekk ei framtredande stilling i arkitektur att under renessansen, og blei i den påfølgjande barokken brukt til utsmykking av interiør og møblar.

Frå rundt 1700 blei akantusdekorasjonar utbreidde i Noreg. I Oslo domkyrkje pryder utskorne akantusblad altartavla og preikestolen frå 1699, og markerer byrjinga på akantusbarokken i Noreg.[2] Stilen spreidde seg utover landet og blei ein viktig del av norsk folkekunst.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Akantus», Store norske leksikon, 31. januar 2013, henta 11. september 2016 
  2. Barokkinteriøret, 9.4.2015