Akaogiitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akaogiitt
Generelt
KategoriOksidmineral
Kjemisk formelTiO2
Strunz-klassifisering4.DE.35
Identifikasjon
Molekylvekt79,86596
KrystallsystemMonoklinisk
Spesifikk vekt4,72
Kjelder[1][2]

Akaogiitt er ein monoklinisk krystall og er eit mineral av titandioksid. Den er ein av fire naturleg forekommande polymorfismar (mineral med same samansetting, men med ulik struktur) av titandioksid, TiO2, som er godkjent av International Mineralogical Association (IMA). Dei andre er anatas (tetragonal), brookitt (ortorombisk) og rutil (tetragonal).

Akaogiitt er gitt namn etter Masaki Akaogi frå Gakushuin universitet i Tokyo. Mineralet vart godkjent av IMA i mars 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Akaogiite, Mindat.org
  2. «Akaogiite». Mineralatlas.eu.