Akarnanikó
Akarnanikó Ακαρνανικό | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Høgd | 1 589 moh. | ||
![]() Akarnanikó 38°45′29″N 20°59′38″E / 38.75805556°N 20.99388889°E |
Akarnanikó (gresk Ακαρνανικό, katharevousa Akarnanikon) er ei fjellkjede som dominerer dei nordvestlege områda av periferieininga Etoloakarnanía vest i Hellas. Ho har ei lengd på om lag 20 km og er 10 km brei. Det joniske havet ligg mot vest. Fjella er kjend for sitt kjeldevatn. Hovudvegen mellom Vónitsa og Astakós ligg i vestlege område.
Ein finn skogar i dei ytre områda av fjellet, og elles sporadiske buskar, grassletter, steinar og bergskår.
Næraste stader
[endre | endre wikiteksten]- Thýrio, nord
- Trýfos, nordaust
- Katoúna, aust
- Kompotí, aust
- Kandíla, sør
- Páleros, nordvest
- Monastiráki, nordvest
Panorama
[endre | endre wikiteksten]Frå fjella kan ein sjå nærliggande fjell i nord og aust som Panetolikófella og fjella nordvest på Peloponnes, inkludert Móvri og Skóllis, men Panakhaikó og enkelte andre fjell kan ein ikkje sjå. Den austlege halvdelen av Akhelóosdalen og Dei etoliske slettene kan ein òg sjå. I vest kan ein sjå øyane Kefaloniá, Itháki og Levkáda, og i nord så vidt Ártabukta og fleire fjell i Ípiros.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Acarnanian Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2007.