Akasieslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Akasieslekta
Acacia dealbata.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Mimosafamilien Mimosoideae
Stamme: Acacieae
Slekt: Akasieslekta Acacia
Mill., 1754

Akasieslekta (Acacia) er ei planteslekt i mimosafamilien. Ho omfatta opphavleg plantar utbreidde i tropiske og subtropiske delar av Mellom-Amerika, Sør-Asia, Australia og Afrika, men er no blitt avgrensa til å berre omfatta artar frå Australasia. Blada er som regel ulikefinna, men nokre artar er uten blad og har i staden flate, grøne bladstilker, fyllodium. Blomane sit ordna i runde eller avlange hovud. Dei har svært små, som regel gule eller kvitlege kronblad. Akasiar har ofte tornar.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Slekta blei fyrst botanisk skildra av Carl von Linné i 1773 frå afrikanske funn. Slektsnamnet er på nylatin, lånt frå gresk ἀκακία (akakia), eit omgrep brukt av Dioskorides om eit ekstrakt frå blada og fruktbelgane til Vachellia nilotica, den opphavlege typearten til slekta.[1] I Pinax frå 1623 nemner Gaspard Bauhin dette ordet frå Dioskorides som opphav til det latinske namnet.[2]

Akasieslekta har vore vanskeleg å klassifisera botanisk. Tidleg på 2000-talet var det blitt klart at slekta slik ho då var ikkje var monofyletisk, og at ulike slektslinjer måtte plasserast i ulike slektr. Ei linje med over 900 artar som hovudsakleg voks i Australia, Ny-Guinea og Indonesia var ikkje nært i slekt med den mindre afrikanske gruppa som omfatta A. nilotica—den dåverande typearten. Dette tydde at den australasiatiske linja måtte omdøypast. Botanikaren Leslie Pedley gav gruppa namnet Racosperma, men dette blei ikkje godt motteke i botanikkverda. Australske botanikarar føreslo ei mindre forstyrrande løysing ved å åvelja ein annan typeart for Acacia (A. penninervis), slik at dei fleste artane kunne bli verande i Acacia, medan dei to pantropiske slektene fekk namna Vachellia og Senegalia, og dei to endemiske amerikanske linjenee fekk namna Acaciella og Mariosousa.[3] Sjølv om mange botanikarar ikkje var einige i at dette var nødvendig, blei endringa offisielt godteken ved Melbourne International Botanical Congress i 2011.

Utbreiing og bruk[endre | endre wikiteksten]

I Australia er akasieskog den nest vanlegaste skogtypen, etter eukalyptusskog. Skogtypen dekker 980 000 kvadratkilometer (378 380 sq mi) eller 8 % av alt skogområde. Acacia er den mest talrike slekta av blomstrande plantar i landet, med oppimot 1 000 artar.[4]

Det blir dyrka akasie på plantasjar i Asia og Australia. Borken av nokre australske artar blir seld under namnet wattle. Han har eit høgt innhald av garvestoff, noko som gjer han verdifull i lêrindustrien. Blant desse artane kan ein nemna Acacia pycnantha, Acacia decurrens, Acacia dealbata og Acacia mearnsii.

Nokre artar[endre | endre wikiteksten]

  • Aromaakasie (Acacia aroma)
  • Blomsterakasie (Acacia floribunda)
  • Blåakasie (Acacia cyanophylla)
  • Borstakasie (Acacia paradoxa)
  • Brigalowakasie (Acacia harpophylla)
  • Duftakasie (Acacia farnesiana)
  • Grønakasie (Acacia decurrens)
  • Gullakasie (Acacia baileyana)
  • Gummiakasie (Acacia senegal)
  • Hartsakasie (Acacia retinodes)
  • Hickoryakasie (Acacia mangium)
  • Katechuakasie (Acacia catechu)
  • Chaom (Acacia pennata)
  • Koa (Acacia koa)
  • Langbladsakasie (Acacia longifolia)
  • Pilakasie (Acacia mucronata)
  • Queenslandakasie (Acacia podalyriifolia)
  • Sølvakasie (Acacia dealbata)
  • Sortvedsakasie (Acacia melanoxylon)
  • Tåreakasie (Acacia saligna)
  • Vingakasie (Acacia latifolia)
  • Yarran (Acacia homalophylla)
  • Acacia auriculiformis

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vachellia nilotica in Plants of the World online (POWO)
  2. Bauhin, G. (1623). Pinax theatri botanici: 391
  3. Kyalangalilwa, B.; Boatwright, J.S.; Daru, B.H.; Maurin, O.; Van der Bank, M. (2013). «Phylogenetic position and revised classification of Acacia s.l. (Fabaceae: Mimosoideae) in Africa, including new combinations in Vachellia and Senegalia.». Botanical Journal of the Linnean Society 172 (4): 500–523. doi:10.1111/boj.12047. 
  4. «Acacia forest». Commonwealth of Australia. 6 February 2017. Henta 19 April 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Akasieslekta