Akbar den store

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akbar den store

Minatyrbilde av Akbar den store.
Fødd 15. oktober 1542
Amarkot
Død

15. oktober 1605 (63 år)
Fatehpur Sikri

Yrke monark
Språk Tsjagataisk, persisk, hindustani
Religion Islam, Din-e Ilahi
Far Humayun
Mor Hamida Banu Begum
Ektefelle Mariam uz-Zamani, Ruqaiya Sultan Begum, Salima Sultan Begum
Akbar den store på Commons

Akbar den store (15. oktober 154327. oktober 1605) var stormogul frå 1556 til 1506 og er rekna som ein av dei største herskarane av India. Akbar er kjend for å ha dobla utstrekkinga til Mogulriket, men òg for å ha fremja kunst, kultur og religiøs forståing.

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Akbar var eldstesonen til den andre mogulkeisaren Humajun og kona Hamida Banu Begum. Han blei fødd i Amarkot i Sindh etter at foreldra var blitt drivne frå Agra av den afghanske erobraren Sjer sjah. Han fekk namnet Badruddin Mohammed Akbar der det første namnet viste til fullmånen då han vart fødd og det siste var etter morfaren, Shaikh Ali Akbar Jami. Fødselsdatoen blei seinare endra og førstenamnet gjort om til Jalaluddin for å hindra vondarta magi.

Medan faren drog i hærtog og seinare i eksil blei Akbar oppdregen av farbroren Askari og kona hans i staten Rewa i noverande Madhya Pradesh.

Keisar[endre | endre wikiteksten]

I 1556, då Akbar var 13 år gammal, døydde Humajun plutseleg, og sonen blei keisar. Riket han styrte over var først ikkje stort meir enn Pandjab og området rundt Delhi, som etter få månader blei teke av den opprørske ministeren Hemu. Ved hjelp av den mektige vesiren Bajram Khan vann han tilbake landområde. I 1560 tvinga Akbar vesiren til å trekka seg tilbake, og i 1562 overtok han heilt styret av riket.

Akbar ridande på ein elefant.

I løpet av dei første ti åra av regjeringstida til Akbar var det 16 ulike opprør mot sentralmakta, særleg i Rajputana. Han møtte dei stridige radjput-leiarane med ei blanding av makt og imøtekoming, mellom anna gjennom giftarmål med døtrene deira. Fyrstar som gav han truskap og påkravde ressursar fekk styra rika sine vidare, og sønene deira kunne få høge stillingar i forvaltinga og hæren, noko som ikkje hadde vore sjølvsagt i og med at dei var hinduar.

Erobringa av Mewar i 1568 gav stormogulen kontroll over ruta gjennom Vindhya-fjella til det sentrale indiske Deccan-platået. Då han tok festninga Chitor, som hadde stått imot han, massakrerte han innbyggjarane som ei åtvaring til andre. Dette fekk fleire radjputar til å godta stormogulen som overherskar.

Etter å ha stabilisert riket i Nord-India kunne Akbar utvida det på andre frontar. Han erobra Gujarat i 1572-73, Bengal i 1574-75, Kashmir i 1586 og Kandahar (Afghanistan) i 1595. Mogulhæren tok også område sør for Deccan, og i 1601 omfatta riket også Khandesh, Berar og delar av Ahmadnagar.

Under Akbar blei den sentrale administrasjonen av riket omgjort og styrkt, økonomien blei sentralisert og skatteinnkreving reformert. Skatten for ikkje-muslimar og pilegrimar blei avskaffa, noko som saman med fleire andre tiltak gjorde Akbar til den mogulen som hadde mest suksess med hindu-undersåttane sine. Den muslimske keisaren søkte å innpassa også dei andre indiske religionane i riket sitt, og inviterte hinduar, parsiar, kristne og muslimar til å diskutera religiøse spørsmål. Han prøvde også å laga ein ny religion, din-i-ilahi, som bygde på fleire religionar i riket hans.

I regjeringstida si flytta Akbar hovudstaden frå Delhi til ein ny by, Fatehpur Sikri, like vest for Agra. Den nye praktbyen var berre busett i 15 år før han blei fråflytta til fordel for Lahore i 1585. Dårleg vasstilførsel eller trugsmål nordvest i riket kan ha vore grunnane til at hovudstaden blei flytta. I 1599 flytta hoffet tilbake til Agra. Akbar var sjølv analfabet, men gjorde hoffet sitt til eit kultursenter der han omgav seg med lærde, diktarar, målarar og musikarar.

I 1600 gjorde Akbar sin son Salim, seinare Djahangir, opprør og erklærte seg som keisar. Far og son låg i strid mot kvarandre til Akbar døydde i 1605.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]