Aker-trinnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aker-trinnet er ein tidsperiode då det vart danna ein markert israndrygg som vart til under ein mellombels stans under tilbaketrekkinga av innlandsisen i området kring Oslofjorden ved slutten av den siste istida. Iskanten låg den gong like nord for det noverande byområdet i Oslo og store massar av usortert morene, sand og grus vart avleira i havet framom iskanten, som rykte litt fram og tilbake nokre gonger under dette trinnet.

Perioden varte frå kring 11 700 til 11 200 år sidan då havflata stod kring 220 meter høgare enn i dag. Avleiringane under Aker-trinnet dannar ryggar som demmer opp Maridalsvannet, Sognsvann og Bogstadvannet. Leira som blei avsett i havet føre iskanten vert kalla Yngre arcaleire. I rekkja av israndlinjer som markerer tilbaketrekkinga av innlandsisen frå Ytre Oslofjord til Mjøsa, ligg Aker-trinnet som det eldre Ås–Skitrinnet og det yngre Romerikstrinnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«akertrinnet» i Store norske leksikon, snl.no.