Aker Brygge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aker Brygge i bakgrunnen på biletet, sommaren 2005. Kaiene i framgrunnen ligg framfor Rådhusplassen og høyrer ikkje med til Aker Brygge.

Aker Brygge er eit bustad- og kontorstrok med eit kjøpesenter i Oslo. Området ligg ved Indre Oslofjord i nærleiken av Rådhuset, på det tidlegare verftsområdet i Vika der Akers mekaniske Verksted AS låg til verksemda vart lagt ned i 1982. Utbygginga av Aker Brygge vart gjennomført i fire steg, der første byggjesteget stod ferdig i 1986 og det fjerde og siste byggjesteget stod ferdig i 1998. Men området har seinare vorte endra og ombygd monaleg. Heile eigedomsmassen er på 260 000 m2.

Området slik det såg ut då det var skipsverft her. Tørrdokken som det ligg eit skip i heilt nede til venstre på biletet, ligg her enno som ein kil inn i området, og skil Aker Brygge frå Tjuvholmen.

Området består av eit kjøpesenter med butikkar og restaurantar, konferanselokale, kontorlokale og leilegheiter. I tillegg finst det ei småbåthamn. Ferjeterminalen for passasjerbåtane til Nesodden og i ruta til Vollen/Slemmestad ligg dels på Aker Brygge, dels på Rådhusplassen, men vert vanlegvis sagt å liggje på Aker Brygge.

Tjuvholmen, eit gamalt kaiområde som likeeins er utbygd med kontor- og bustadblokker, og dessutan eit kunstmuseum og anna, ligg i tilknytning til Aker Brygge, skild frå Aker Brygge med den gamle tørrdokken på skipsvertet. Tørrdokken er no permanent vassfyld, som ein liten skipsforma kil inn mellom bygningane, og med eit par gangbruer over.

Aker Brygge. Til venstre på fotografiet er Tjuvholmen under utbygging.




Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]