Aker Brygge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aker brygge)
Aker Brygge

Aker Brygge i bakgrunnen. Kaiene i framgrunnen ligg framfor Rådhusplassen og høyrer ikkje til Aker Brygge.
Foto: Chris Nyborg
Kart
Aker Brygge
59°54′35″N 10°43′36″E / 59.909722222222°N 10.726666666667°E / 59.909722222222; 10.726666666667

Aker Brygge er eit bustad- og kontorstrok med eit kjøpesenter i Oslo. Området ligg ved Indre Oslofjord i nærleiken av Rådhuset, på det tidlegare verftsområdet i Vika der Akers mekaniske Verksted AS låg til verksemda vart lagt ned i 1982. Utbygginga av Aker Brygge vart gjennomført i fire steg, der første byggjesteget stod ferdig i 1986 og det fjerde og siste byggjesteget stod ferdig i 1998. Men området har seinare vorte endra og ombygd monaleg. Heile eigedomsmassen er på 260 000 m2.

Området slik det såg ut då det var skipsverft her. Tørrdokken som det ligg eit skip i heilt nede til venstre på biletet, ligg her enno som ein kil inn i området, og skil Aker Brygge frå Tjuvholmen.

Området består av eit kjøpesenter med butikkar og restaurantar, konferanselokale, kontorlokale og leilegheiter. I tillegg finst det ei småbåthamn. Ferjeterminalen for passasjerbåtane til Nesodden og i ruta til Vollen/Slemmestad ligg dels på Aker Brygge, dels på Rådhusplassen, men vert vanlegvis sagt å liggje på Aker Brygge.

Tjuvholmen, eit gamalt kaiområde som likeeins er utbygd med kontor- og bustadblokker, og dessutan eit kunstmuseum og anna, ligg i tilknyting til Aker Brygge, skild frå Aker Brygge med den gamle tørrdokken på skipsvertet. Tørrdokken er no permanent vassfylt, som ein liten skipsforma kil inn mellom bygningane, og med eit par gangbruer over.

Aker Brygge. Til venstre på fotografiet er Tjuvholmen under utbygging.
Foto: Bjørn Erik Pedersen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Aker Brygge