Aker gard i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamle Aker kyrkje og kyrkjegard i Oslo. Her skal garden Aker ha lege i mellomalderen.
Gamle Aker kyrkjegard sett mot Grønland og Ekebergåsen.
Foto: Helge Høifødt

Aker (frå norrønt ákr, 'åker') var ein bondegard i det noverande Oslo, mellom Akerselva og Bislett. Det usammensette naturnamnet til garden gjer opphavet hans vanskeleg å tidfesta, men han er i alle fall frå førkristen tid, truleg før vikingtida.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden kan kanskje ha vore sete for forliksmøtet mellom kong Magnus den gode og kong Harald Sigurdsson (Hardråde) i 1046. Kongesagaene Fagerskinna og Morkinskinna kan begge fortelja at Magnus og Harald møttest ved ein gard som heitte Aker eller Skjoldaker.[1][2] Nokre forskarar, blant dei filologen Magnus Olsen, meinte at dette måtte dreia seg om garden Åker i Hedmark, på grunn av posisjonen til denne garden som tidlegare tingstad. Likevel hevdar arkeologen Frans Arne Stylegar at det heller må dreia seg om garden Akar utanfor Oslo. Dette byggjer han på blant anna korleis sagaforfattarane skildrar området garden låg i, og at Magnus var med hæren sin i Vika (Oslofjorden) då han møtte Harald. Dette talar ifølgje Stylegar meir for å plassera garden ved Oslofjorden enn ved Mjøsa.[3]

I 1200 stod det ifølgje Sverresoga eit slag utanfor garden Aker  mellom birkebeinerne og ribbungane.[4]

Garden er nemnt som kyrkjestad og fylkeskirke i eldre borgartings kristenrett, sjå Gamle Aker kyrkje.[5] Gardsnamnet vart difor sognenavn. Garden vart seinare delt opp i fleire akergardar.

Aker var klostergods i mellomalderen. I 1182 vart både garden og kyrkja gjevne til Nonneseter kloster av biskop Helge av Oslo.[6] Før dette kan garden ha vore ått av biskopen i Oslo bispedømme, medan den opphavlege eigaren kan ha vore kongen. Kanskje kan kongen ha overført garden til biskopen i samband med skipinga av Oslo bispedømme rundt 1070.[7]

Frå 1602 var Aker-gardane avlsgardar for Akershus slott. I 1629 vart gardane lagt ut til bymark for Christiania. Det var då to Aker-gardar; Store og Lille Aker. Tufter etter gardane er aldri funne, men ein reknar med at Store Aker har lege ved Gamle Aker kyrkje, og Lille Aker ved Underhaugsveien.

Namnet Aker[endre | endre wikiteksten]

Aker kyrkje og soknet var kyrkje for heile bymarka. I dag har Gamle Aker forsamling lita utstrekking.

I tillegg til akergardane, soknet og kommunen har Aker gjeve namn til Akerselva, til Aker universitetssjukehus og til Akersneset med Akershus slott (festning). Slottsnamnet har ført til ytterlegare namnespreiing til lenet, amtet og seinare fylket Akershus. Akersgata og Akersveien var landevegen mellom Christiania og Aker kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Fagerskinnas. 252 (kap. 52)
  2. Morkinskinna s. 19-20
  3. Frans Arne Stylegar (2011): Åker eller Aker?
  4. Sverres saga kap. 160
  5. Ældre Borgartingslov. Vikens kristenret. (1914): 22
  6. Müller (1980): 17-18
  7. Schia (1995): 148
Litteratur
  • Fagerskinna, omsett av Edvard Eikill. Saga bok, Stavanger 2007
  • Morkinskinna, redigert av Carl Richard Unger, Christiania 1867
  • Norseng & Nedkvitne: Middelalderbyen ved Bjørvika. Oslo 1000-1536. Cappelen, Oslo 2000
  • Müller, Inger Helene Vibe, Gamle Akar kyrkje. I: Sverre Skjelsbæk (red.), Gamle Akar kyrkje. Festskrift ved kyrkja si 900-års jubileum. Alvheim & Åtte akademisk forlag, Øvre Ervik 1980, s. 9-60
  • Schia, Erik. Oslo innerst i Viken. Liv og virke i middelalderbyen. Aschehoug, Oslo 1995
  • Stylegar, Frans-Arne: Åker eller Akar?, artikkel på forfattaren sin blogg (2011)
  • Sverres saga, omsett av Gustav Storm. Kristiania 1914
  • Ældre Borgartingslov. Vika si Kristenret. Omsett av T. O. Kristiania 1914