Akersbakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Akersbakken 33

Akersbakken i Oslo (med husnummera 1 -39 og 2 – 32) er ei aust-vestorientert gate i strøket Gamle Aker i bydel St. Hanshaugen. Gata går i bratt bakke frå Maridalsveien ved krysset med Uelands gate opp på høgda som Gamle Aker kyrkje ligg på, og ned på andre sida til kryss med Ullevålsveien og Stensberggata. Opphavleg hadde gata namnet Kirkeveien, men fekk noverande namn i 1879 etter at området med Kirkeveien i Vestre Aker vart innlemma i Oslo under utviding av byen i 1878.

Akersbakken ligg i eit tettbygd bustadområde. På nordsida av gata ligg bustadshus og kontorbygg, men på mesteparten av sørsida grenser gata til kyrkjegarden rundt Gamle Aker kyrkje i den austre parten, og i den vestre parten til den store gravlunden Vår Frelsers gravlund, der mellom andre mange av Noregs fremste avlidne kunstnarar og andre viktige personar i Noregssoga er jordfesta.

Akerbakken inngår i det som har vore det eldste vegsystemet i dette distriktet, nytta sidan mellomalderen, og gjennom eit område som likeeins ser ut til å ha vore viktig i førhistorisk tid òg, slik både fornfunn og mange gravhaugar som er utsletta for lenge sidan, vitnar om. Framfor vestsida av Gamle Aker kyrkje munnar òg ein gamal veg, Akersveien, ut i Akersbakken. Akersveien er ei lenging av Akersgata i Oslo sentrum, og har soleis gjeve samband til Akershus festning og byen ikring festninga i lange tider.

Under det berget som Gamle Aker kyrkje ligg på, som grenser til Akersbakkens austre parti på sørsida, har det vore drive sølvgruver i mellomalderen, og kan hende tidlegare òg; restar av gruvesjakter så djupe at vatn har trengt inn og fylt dei, vart avdekt under skrenten mot Maridalvegen i samband med byggjearbeid på tomta der det no ligg ein transformatorstasjon. I same berget, men høgare opp mot kyrkja, hadde på 1800-talet eit bryggeri, Aktieselskabet Ytteborgs Bryggeri, ein ølkjellar for sitt bayerske øl som skulle modnast ved å lagrast ei tid under høveleg temperatur. Ølet vart frakta i tønner frå bryggeriet og heist ned i kjellaren gjennom ei sjakt frå overflata. Seinare vart det i staden laga til den noverande tilkomsten som framleis finst frå Akersbakken i form av ei dør i bergveggen, og hallane inne i berget, som har vakkert murte kvelv av teglstein, vart nytta som lager for ymse varer. Kjellaren er no teke ut or vanleg bruk, og arealet over dei inngår i kyrkjegarden.

Bydelsforvaltninga i Bydel St. Hanshaugen hadde ei tid tilhald i Akersbakken 27, seinare flytt til Stensberggata 25-27.