Akershus fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Akershus» omdirigerer hit. For festningsanlegget i Oslo, sjå Akershus festning.
Akershus fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Del av Austlandet
Adm.senter Oslo
Areal 4 918 km²
 - land 4 620 km²
 - vatn 298 km²
Målform nøytral
Statsforvaltar Valgerd S. Haugland
(felles for Oslo og Akershus)
Fylkesordførar Nils Aa. Jegstad (H)
Fylkesnummer 02
Kart
Akershus fylke
60° N 11° E
Wikimedia Commons: Akershus
Nettstad: www.akershus.no

Akershus fylke er eit tidlegare fylke i Noreg. Det grensa til Hedmark i nord, Oppland i nord-vest, Buskerud i vest, Oslo i sør-vest og Østfold i sør-aust. I aust grensa fylket til Värmlands län i Sverige. Det blei del av nye Viken fylke 1. januar 2020.

Akershus var samansett av to fråskilde delar som var skilde frå kvarandre av fylket Oslo og av Indre Oslofjord. Mellom dei to fylka Oslo og Buskerud danna dei to kommunane Asker og Bærum til saman ein eksklave i vest, «Vestregionen», som vanlegvis vert omtala med fellesnemninga Asker og Bærum. Aust og sør for Oslo ligg regionane Romerike og Follo.

Akershus og Oslo[endre | endre wikiteksten]

Akershus som fylke var nært knytt til Oslo. Så nær var tilknytinga at administrasjonen låg i Oslo. Fylkeskommunen heldt til i «Galleriet», same bygg som hovudbusstasjonen i Oslo. Gamle Aker herad var ein del av Akershus fylke og omfatta fram til 1. januar 1948 store delar av det noverande Oslo. Aker herad omfatta sokna Ullern, Vestre Aker, Østre Aker og Nordstrand. Vestre Aker strekte seg heilt inn i sentrum av byen, til Studenterlunden. Etter kvart kunne store delar av Akershus reknast inn i eit Stor-Oslo.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Akershus len blei oppretta på 1500-talet og femna attåt det som er Akershus i dag også det som i dag er Hedmark Oppland, Buskerud og Oslo. I 1662 blei Akershus amt oppretta, og i 1685 blei Buskeruds amt skilt ut som eige amt. I 1768 blei Hedmark og Oppland skilt ut til Oplandenes amt, og daverande Christiania blei skilt ut frå Akershus i 1842. 1. januar 1919 fall nemninga amt bort og blei erstatta med nemninga fylke.

Namn og symbol[endre | endre wikiteksten]

Namnet på Akershus fylke kjem opphavleg frå Akershus festning. Ordet «Akershus» er samansett av det norrøne ordet akr som tyder åker, og hús i tydinga borg eller kastell.

Våpenet til Akershus fylke synar ein trappegavl i sølv på blå bakgrunn, der trappegavlen er basert på konturen av Akershus festning. Det er teikna av Finn Fagerli og blei fastsett under kongeleg resolusjon 11. desember 1987.[1]

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
0211 Vestby kommune Vestby Vestby 134 bokmål Follo
0213 Ski kommune Ski Ski 166 nøytral Follo
0214 Ås kommune Ås Ås 103 nøytral Follo
0215 Frogn kommune Frogn Drøbak 86 bokmål Follo
0216 Nesodden kommune Nesodden Nesoddtangen 61 bokmål Follo
0217 Oppegård kommune Oppegård Kolbotn 37 bokmål Follo
0219 Bærum kommune Bærum Sandvika 192 bokmål Vest
0220 Asker kommune Asker Asker 101 bokmål Vest
0221 Aurskog-Høland kommune Aurskog-Høland Bjørkelangen 962 bokmål Nedre Romerike
0226 Sørum kommune Sørum Sørumsand 207 nøytral Nedre Romerike
0227 Fet kommune Fet Fetsund 176 bokmål Nedre Romerike
0228 Rælingen kommune Rælingen Fjerdingby 72 nøytral Nedre Romerike
0229 Enebakk kommune Enebakk Kirkebygda 233 bokmål Follo
0230 Lørenskog kommune Lørenskog Kjenn 71 nøytral Nedre Romerike
0231 Skedsmo kommune Skedsmo Lillestrøm 77 bokmål Nedre Romerike
0233 Nittedal kommune Nittedal Rotnes 186 bokmål Nedre Romerike
0234 Gjerdrum kommune Gjerdrum Ask 83 bokmål Øvre Romerike
0235 Ullensaker kommune Ullensaker Jessheim 252 bokmål Øvre Romerike
0236 Nes kommune Nes Årnes 637 bokmål Øvre Romerike
0237 Eidsvoll kommune Eidsvoll Eidsvoll 457 bokmål Øvre Romerike
0238 Nannestad kommune Nannestad Teigebyen 341 bokmål Øvre Romerike
0239 Hurdal kommune Hurdal Torget i Hurdal 285 bokmål Øvre Romerike
Totalt Akershus fylke Akershus Oslo ' 000000000004918.00000000004 918 nøytral Akershus

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er fire byar i fylket, Drøbak, Lillestrøm, Ski og Sandvika. Både Lillestrøm og Sandvika høyrer med til tettstaden Oslo.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Akershus har eit kontinentalklima, men Mjøsa og Oslofjorden dempar og forseinkar vinterkulda i nærliggande område. Middeltemperaturen for januar varierer frå kring -4 °C nær Oslofjorden til kring -8 °C dei skjerma nordlege områda. Juli er den varmaste månaden med ein middeltemperatur på 15-17 °C, høgast i låglandet kring Oslofjorden, som er den høgaste middeltemperaturen i heile landet.

Dei lågtliggande områda får under 700 mm nedbør i året, medan dei høgaste åsane kan få opp mot 1200 mm. Mars er den tørraste månaden med 30-40 mm, medan august gjerne er den våtaste månaden med over 100 mm fleire stader.

Mjøsa, Vorma og Oslofjorden er av dei mange fuktkjeldene i fylket som gjer at det vert relativt mykje tåke. Mest tåke er det om hausten og tidleg på vinteren og årsmiddelet i låglandet er 3-6 %.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Akershus fylke