Akershus festning

Koordinatar: 59°54′29.135″N 10°44′25.523″E / 59.90809306°N 10.74042306°E / 59.90809306; 10.74042306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Akershus slott og festning)

59°54′29.135″N 10°44′25.523″E / 59.90809306°N 10.74042306°E / 59.90809306; 10.74042306

Akershus festning sett frå sør. Frå høgre: Munks tårn, Jomfrutårnet, Det kongelege mausoleet, Sørfløyen, Romeriksfløyen, Knutstårnet, Det dobbelte batteri og Laboratoriekjøkkenet (kvit bygning). Blåtårnet, Romerikstårnet og Nordfløyen i bakgrunnen. Prins Carls bastion frå 1648 går frå Munks tårn og til høgre mot sjøen. Romeriksbastionen frå 1611 og 1641 i forkant av Knutstårnet.
Foto: Tomasz Sienicki
Akershus festning sett frå vest
Foto: Kjetil Lenes

Akershus festning er ei festning og eit slott i Oslo, offisielt kalla Akershus slott og festning. Festninga ligg strategisk til på Akersneset i Oslo.

Borga har overlevd fleire omlægringar, og har aldri vorte teken med makt av ein fiendtleg, utanlandsk hær. Festninga var under tysk kommando 1940-1945, men vart aldri teken, kommandoen vart overgjeven både i 1940 og i 1945.

Festninga har namn etter Aker (frå norrønt Akr, åker, og hús, borg, kastell), og har gjeve namn til lenet, amtet og fylket Akershus.

Området er framleis militært, og det daglege vakthaldet blir ivareteke av Hans Majestet Kongens Garde. Forsvarsmuseet, Heimefrontmuseet og Forsvarsstaben har lokale på Akershus Festning.

Festninga er regjeringas representasjonstad der ein markerer store jubilé og held offisielle middagar ved statsvitjingar og andre viktige hendingar. I tillegg er anlegget gravminne for kongefamilien, dronning Maud, Håkon VII, Olav V og Märtha er gravlagde i Det kongelege mausoleet.

Festningsområdet[endre | endre wikiteksten]

Festningsområdet utgjer eit areal på rundt 170 dekar og har ein bygningsmasse på til saman 91 000 . Det indre festningsområdet er det området som er omkransa av murar, med den opphavlege mellomalderborga og bastionane som ligg utanfor. Dette er områda med dei best bevarte festningselementa, både når det gjeld fortifikasjonane og bygningar. Dette skuldast omfattande restaureringsarbeid i første halvpart av 1900-talet.[1]

Det ytre festningsområdet er resten av anlegget, med Festningsplassen, området rundt Forsvardepartementet og kvartalet i Myntgata. Dette består vesentleg av militære bygg frå 1800-talet og vart reist etter at festningen hadde gått ut or bruk som operativt militært anlegg og delvis på tomter til tidlegare forsvarsverk. Desse bygningane er tilpassa dei øvrige i Kvadraturen. Enkelte strukturar frå før 1814 er tekne vare på rundt Festningsplassen, delvis supplert med rekonstruksjonar.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mellomalderen 1287 til 1527[endre | endre wikiteksten]

I 1287 kom Oslo under åtak frå den opprørske norske adelsmannen Alv Erlingsson, men den gamle kongsgarden kunne ikkje forsvara byen effektivt.

Ein veit ikkje sikkert når borga vart påbegynt, men ein trur det var i tida 1299-1304 under kong Håkon V.[2] Første gongen Akershus er nemnd er i 1300 i eit brev frå kong Håkon til Mariakyrkja i Oslo. Brevet seier ikkje noko om kor langt byggjearbeida var komne.

Teikning av Håkon V sitt Akershus slott i år 1300. Rekonstruksjon frå 1925 av Holger Sinding-Larsen.

Akershus vart etter fleire utbyggingar ei sterk festning, kanskje ei av dei sterkaste i Norden. I 1308 stod borga for første gongen imot ei omlægring. Det var den svenske stormannen Erik av Södermanland som omringa borga saman med ei rekkje norske stormenn. Denne omlægringa vart heva av ein lokal norsk bondehær. I 1330-åra gjorde mange norske stormenn opprør mot kongefellesskapet og fekk blant anna kontroll over Akershus i periodar.

Svartedauden fekk ingen verknad for Akershus festning med ein gong. I 1360- og 1370-åra budde Håkon VI på Akershus, og han gav ordre om store byggjearbeid på festninga.

Først i 1449-1450 vart Akershus omlægra att, denne gongen av den svenske kongen Karl Knutson Bonde. Han måtte heve omlægringa etter ei tid.

Borga vart ikkje omlægra att før i 1502, da den norske adelsmannen Knut Alvsson reiste ein hær frå grensestrøka mot Sverige, tok Akershus (og Tunsberghus) og avsette den danske høvedsmannen Peder Griis. Same året omlægra skotske leigesoldatar i den danske kongens teneste Akershus. Denne omlægringa mislukkast, men etter å ha skrive ut kvar tredje mann på Sør-Austlandet freista kongen å vinne att kontrollen over Akershus. På veg til fredsforhandlingar vart Knut drepen av kongens menn, og på denne måten vann kongen att kontrollen over Akershus.

Borga vart omlægra på ny i 1523, denne gongen av svenske soldatar. Under dekkje av grevefeiden i Danmark prøvde Gustav Vasa å sikre seg kontrollen over Noreg. For å nekte fienden husvære brente befolkninga i Oslo husa sine, og dei svenske soldatane måtte kort tid etter vende heim med uforretta sak.

Renessanseslott 1527 til 1653[endre | endre wikiteksten]

I 1527 slo lynet ned og forårsaka store skader på festninga, spesielt det indre borgområdet. Det var ei svak borg som måtte forsvara seg mot Christian II si omlægring i 1531 til 1532, dessutan var større delar av mannskapet i borga ute på anna teneste, og det var berre ca. 20-30 mann i borga da omlægringa starta. Men dette visste ikkje Christian II; likevel avtala han og høvedsmannen i borga Mogens Gyldenstjerne ei våpenkvile. I mars året etter vart omlægringa heva av styrkar frå Danmark og Lübeck. Under kampane vart blant anna Hovedøya kloster totalskadd, ein del av ruinane vart seinare bruka til byggjematerial på Akershus festning. Etter denne omlægringa vart borga sterkt restaurert og ombygd. I 1567, under den nordiske sjuårskrigen, vart borga atter omlægra, denne gongen av svenske styrkar.

Relieff frå Fredrik II sirr gravmæle i Roskilde domkyrkje som viser kringsetjinga av Akershus festning i 1567. Nedst til venstre Oslo med Hallvardskatedralen.
Christiania med Akershus festning og Kvadraturen innafor bymurane. Christianiakartet frå 1648 av Isaac van Geelkerck er det eldste kjende kart over byen. van Geelkerch var nederlandsk festningsingeniør og kartograf.

Det var først med Kristian IV som var konge 1588–1648 at byggeaktiviteten for alvor kom i gang att. Kongens politikk baserte seg på ein sterk militærmakt, og i 1593 byrja han ei omfattande utbygging for å halde følgje med den militærtekniske utviklinga, særleg av ildkrafta til kanonane. Bygginga vart dels finansiert med ein årelang ekstraskatt på Austlandet og i Agder, og dels ved pliktarbeid, òg for kvinner som særleg vart sett til å bere teglstein. I 1604 stod første byggetrinn ferdig, med borga omgjeven av nye befestningar (Øvrevoll) bygd etter det italienske bastionsystemet med steinkledde jordvollar. Vidare utbygging føregjekk i åra 1616–1646.

Men det var særleg den radikale ombygginga av den gamle mellomalderborga til eit renessanseslott som gav borga den nye silhuetten ein kjenner i dag. Restane av det gamle hovudtårnet «Vågehals» vart rive, og trappetårna «Blåtårn» og «Romerikstårnet» vart reist. Bygningane rundt borggarden vart gjorde samanhengande ved ombyggingar og tilbygg. Det gamle krutkammeret under slottskyrkja vart ominnreidd til fire fangehol, to av dei eksisterer framleis. Kongen og statthaldaren sine rom vart utbetra og rikt innreia. Den nye borga og slottet framstod i samtida som ein by i byen.

Kristian IV ynskte å knyte byen, som enno hadde same plassering som den gamle mellomalderbyen, og borga nærare saman. Då Oslo brann i 1624 beordra han at byen skulle gjenreisast inntil festningsmurane. Den nye byen fekk namnet Christiania og vart ein festningsby omgjeven av vollar, med Akershus festning som citadell.

Festning 1653 til 1820-åra[endre | endre wikiteksten]

Ved freden i Brömsebro etter Hannibalfeiden i 1643–1645 måtte Danmark-Noreg avstå dei gamle norske landskapa Jemtland og Härjedalen, og etter krigane 1657–1660 også Båhuslen. Desse tapa og grenseendringane gjorde Akershus festning enda viktigare som nasjonal festning. Festninga vart difor bygd ut under leiing av Isaac van Geelkerck.

Som tidlegare var festninga framleis nytta som staden for kongehyllingar, stendermøte og som kongebustad, i tillegg til ivaretaking av militære funksjonar. Men etter kvart blei dei representative oppgåvene mindre viktige, særleg etter at Noreg mista talrike av sine eigne riksinstitusjonar ved innføringa av einevelde i 1660. Utover på 1600- og 1700-talet vart dei representative bygningane stadig meir umoderne og vedlikehaldet vart forsømt. Festninga fekk preg av å vere utelukkande ein militær installasjon, og dette vart meir og meir tydeleg. Det einaste sivile innslaget gjennom 1700-åra var Overhoffretten. Dei militære anlegga vart rusta opp mot slutten av 1600-talet og fram mot 1750, da dei ytre forsvarsverka vart forsterka. Etter ein bybrann i 1686 vart vollane rundt byen lagt ned, mens Akershus blei utvida so det gjekk ut over resten av bygningane. Store og mektige steinkledde vollar med framskotne bastionar gjekk rundt heile festninga, som tok opp eit nesten like stort areal som heile byen Christiania.

8. mars 1716 vart det utvida anlegget angripe for første gong. Den svenske kong Karl XII gjekk til åtak med 10 000 mann. Kommandanten, oberst Jørgen Christopher von Klenow, samla 3 000 forsvararar og held ut ei langvarig kringsetjing før svenskane til slutt måtte trekkje seg attende. At kringsetjinga av Akershus festning ikkje førte til overtaking av ho, bidrog til at Karl XIIs første felttog i Noreg vart sett på som mislukka.

Festninga vart umoderne rundt 1750, og frå denne tida hadde ikkje anlegget lenger nokon særleg militær tyding. Etter at Noreg gjekk inn i unionen med Sverige i 1814 vart ho deaktivert som festning og delar av dei ytre murene rivne.

Slaveri og nedbygging 1820-åra til 1900[endre | endre wikiteksten]

Den nye hovudstaden fekk nye byggebehov, og festninga fekk ei anna funksjon etter 1814. Som fylgje av at den militære verdien vart vekk, forfall anlegget. Dei ytre delane vart frigjevne til byggetomter for offentlege og private føremål, mellom anna til nybygg for Oslo Børs, Christiania Theater og Noregs Bank. Vollane og omgjevnadane vart tekne i bruk av innbyggjarane som rekreasjonsområde for turar, og Akershusstranda vart ein stad for bading og fiske om sumaren og for skøytelaup om vinteren. Bygningane på Øvre festning vart nytta til ymse føremål, mellom anna som lager. Riksarkivet held til der fram til 1866, med Henrik Wergeland som første leiar.

Kornmagasinet på Akershus bygd om til slaveri i 1820.
Foto: Mahlum
Slaveriet på Akershus ca. 1895
Foto: Hans Wingaard Friis / Oslo Museum

Ein stor del av festninga vart nytta til fengsel, kalla «Slaveriet». Kriminalomsorgen var ei blanding av oppbevaring – for å beskytte samfunnet – og «moralsk oppbygging» gjennom hardt arbeid. I staden for å avrette kriminelle, blei dei sett til tvangsarbeid. Slavane kunne settast til alle slags offentlege arbeid eller leigast ut til privatfolk. Mellom dei innsette var utbrytarkongen Gjest Baardsen og meistertjuven Ole Høiland.[3]

Etter Kautokeino-opprøret i 1852 kom alle menn med unntak av leiarane Aslak Jacobsen Hætta og Mons Aslaksen Somby (som vart halshogd i Alta) på Akershus - kvinnene vart satt på Tukthuset i Trondheim. Både mellom kvinnene og mennene døydde fleire i fangenskap.[4] Blant dei som døydde i fangenskap var Peder Olsen Kautokeino, Aslak Pedersen Rist og Henrik Aslaksen Skum. Blant dei som overlevde var Lars Jacobsen Hætta, 18 år ved fengsling. Han omsette Bibelen til nordsamisk under fengslinga.[5]

Nedbygging[endre | endre wikiteksten]

Utover på 1800-talet vart det reist fleire militære bygningar i områda ved Kontraskjæret og Festningsplassen, blant anna Høymagasin, Ridehus, Kommandantbolig, militære depot og kaserner, gymnastikksal, verkstader og kontorbygningar for Forsvarsdepartementet og andre føremål. Dei viktigaste arkitektane i denne perioden var kompanjongane Heinrich Ernst Schirmer og Wilhelm von Hanno.

Som følgje av det aukande forfallet og behov for nye tomter, blei ynsket om å rive anlegget sterkare. Men mot slutten av 1800-talet vakna interessa for Akershus som eit historisk minnesmerke og motkrefter mot forfall og riving vart omsider mobilisert.

Restaurering og nybygging 1900 til i dag[endre | endre wikiteksten]

Holger Sinding-Larsen: Akershus slot. Den bygningsarkæologiske undersøkelse 1905-1925. Teikninga viser søndre del av slottet.

Restaureringsarbeida vart omfattande og varte frå hundreårsskiftet og heilt fram til 1960. Med bakgrunn i historiske undersøkingar av professor Gustav Storm kom arkitekt Peter Blix med det første framlegget i 1896. Det kom til diskusjon om korleis arbeidet skulle gjerast og etter kva for prinsipp. Harry Fett fekk gjennomslag for mange av sine idéar, der det mest sentrale var at bygningar frå alle periodar i historia til festningen måtte bevarast, ikkje berre mellomalderbygningane.[6][7]

Dei første åra måtte restaureringa konsentrere seg om å rette opp att grunnleggjande skader i murverk, kjellarar, golv og takkonstruksjonar. Her hadde arkitekt Holger Sinding-Larsen ei sentral rolle frå 1905 til 1925.[6] I 1929 tok Arnstein Arneberg over oppdraget som restaureringsarkitekt, i samarbeid med mellom anna arkitekt Gerhard Fischer. Store fornyingar og vedlikehaldsarbeider fortsette fram til sluttføringa i 1960, berre avbroten av krigsåra 1940–1945.[6] Frå 1960 vart det faglege ansvaret teken over av Stephan Tschudi-Madsen som hadde det fram til 1978.[8]

Rettarstaden og Heimefrontmuseet[endre | endre wikiteksten]

På denne plassen vart 42 nordmenn avretta av den tyske okkupasjonsmakta den 9. og 10. februar og 17. mars 1945.

Heimefrontmuseet er eit museum som dekkjer historia om heimefronten under andre verdskrigen.

Bygningane[endre | endre wikiteksten]

Mellomalderborga[endre | endre wikiteksten]

Jomfrutårnet som opphavleg vart reist 1299–1304.
Foto: Mahlum

Preget av mellomalderborg er i dag stort sett vekk, men store delar av det indre festningsområdet stammar frå denne tida og er stein- og teglkonstruksjonar som i tillegg til ein del forbindelsemurar inkluderer:

Borggarden på Akershus slott. Til høgre Fruerstuehuset, i midten restane av tårnet Vågehalsen, bygd ca. 1300. Til venstre Fadebursfløyen.
Foto: Mahlum
Kanniktårnet eller Knutstårnet som vart atterreist ved arkitekt Arnstein Arneberg.
Foto: Mahlum
Sørfløyen
Foto: Mahlum

Jomfrutårnet var den befesta, ytre porten der slisse for fallgitter og restar av vindebrua framleis finst. Tårnet vart opphavleg reist 1299–1304 som inngangstårn til mellomalderborga. Rundt 1750 vart vestre del og dei øvste etasjane rivne. Det eksisterande tårnet er frå 1932-1958 ved arkitekt Arnstein Arneberg.[9]

Nordfløyen, hovudbygninga i mellomalderborgen med storhall og private kammer for kongen og dronninga.
Foto: Mahlum

Fadebursfløyen er eit bygg på ein etasje frå rundt 1300 som ligg mellom Nordfløyen og det tidlegare Vågehalstårnet. I mellomalderen inneheldt det truleg dei kongelege arkiva og andre verdisaker.[10] Kjelleaen blei brukt som myntlager og blei kalla Pengehatten, på 1800-talet «Lægdspengecassen». Da lynet slo ned på slottet i 1527 brann også denne bygninga. Pengehatten er frå Kristian IV si tid.

Den noverande utsjånaden på bygninga er frå Arnstein Arneberg si restaurering, kjellaren er framleis bevart slik han var i mellomalderen. Bygget er no ein del av inngangshallen til representasjonslokala.[9]

Våghalsen var det dominerande sentraltårnet på borgen og var frå 1299–1304.[9] Etter eit lynnedslag og ein omfattande brann i 1527 vart store delar av anlegget nord for Våghalsen skada, men motstod like fullt Kristian II si omlægring i 1531.[2] Seinare vart Våghalsen delvis riven og restane vart integrert i statthaldarbustaden på 1600-talet.[9]Det er markeringar i veggen i borggarden etter fundamentet.

Kanniktårnet, frå seinmellomalderen kalla Knutstårnet etter Knut Alvsson, var eit flankeringstårn mot nord. Tårnet låg til høgre for angriparen etter «det åpne skjolds prinsipp». Tårnet vart sannsynlegvis rive før 1826. Dagens tårn er delvis atterreist på dei gamle murane i åra 1932-1958 ved Arnstein Arneberg.[9]

Nordfløyen frå 1299–1304 var hovudbygninga med offisielle rom som kongehall og private rom for kongefamilien. Også Nordfløyen vart skadd etter lynnedslaget i 1527 og delar av bygningen vart rivne.[9] I ein periode fram til rundt 1905 vart bygningen nytta som arsenal. Fram mot 1917 vart det gjort endringar og overetasjen blei ferdig atterreist til antatt opphavleg høgde med open takstol. Arkitekt for dette var Holger Sinding-Larsen. Seinare blei det delvis innreia av Arnstein Arneberg. I 1969 fekk hallen namnet Olavshallen etter Olav V og i 1991 døypt om til Olav Vs hall.[9]

Sørfløyen med kyrkje frå seinmellomalderen. I åra 1817–1866 hadde Riksarkivet arkivlokale i kjellaren, frå 1842 også på loftet. Rundt 1920 vart kyrkja delvist restaurert ved Holger Sinding-Larsen og i 1932–1958 vart heile fløya restaurert ved Arneberg.[9]

Romeriksfløyen husa støttefunksjonar som kjøken m.v. og vart reist 1299–1304 som dei øvrige bygga frå mellomalderen. På 1800-talet hadde Riksarkivet delar av lokala og andre delar vart nytta som rustkammer. Fløya vart nyinnreidd ved Arnstein Arneberg og i 1976 vart det innreia anretningskjøkken for Olavshallen på loftet.[9]

Renessanseslottet[endre | endre wikiteksten]

Borggarden med Romerikstårnet frå 1633. Til venstre Romeriksfløyen
Foto: Samuli Lintula
Blåtårn
Foto: Mahlum

Kristian IV gav det indre festningsområdet mykje av den utsjånaden det har no. Det vart brukt kalkstein og teglstein, ikkje minst i vidareutviklinga av bygningane frå mellomalderborga. Særleg ved at ein mellom anna reiv både «Våghalsen» og det noko mindre forsvarstårnet «Fuglesang» vart heile slottet meir opent og lysare. Heile festningsområdet vart sterkt utvida med bastionar og vollar. Her ble det såkalla italienske bastionsystemet med steinkledde jordvollar bygd i åra 1593–1604 og 1616–1646 på det øvre festningsanlegget.

Munktårnet eller Regalietårnet frå rundt 1560.
Foto: Mahlum
Festningsporten
Foto: Mahlum
Skarpenords kruttårn frå 1657
Foto: Mahlum

Blant dei bygningane som kom til i anlegget i den komande perioden var: Munktårnet, kalla opp etter lensherre og statthaldar Christen Munk, blei oppført ca. 1560 som kombinert kruttårn og porttårn, til erstatning for det tidlegare porttårnet Jomfrutårnet. Tårnet vart òg kalla Regalietårnet fordi kronregaliane vart oppbevart her på 1800-talet. Tårnet har to etasjar og eit kjegleforma tak beslått med kopar. Det vart restauret på 1920-talet av Sinding-Larsen.[9]

Blåtårnet i tegl ligg i borggarden og er frå 1623. Det vart reist som trappehus for Sørfløyen og som kyrkjetårn. Tårnhetta er dekt i bly. Tårnet har fem etasjar. Det vart restaurert ved Sinding-Larsen og fekk ny støypt vindeltrapp ved Arneberg.[9]

Romeriksfløyen fekk ein ekstra etasje i 1633 til mellom anna kontor til statthaldaren.

Tårnbygninga Romerikstårnet kom til på same tid. Tårnet er i tegl med blyglasvindauge, og har ei spiss tårnhette med koparplate. Tårnhetta er ein rekonstruksjon frå rundt 1920 ved Sinding-Larsen, som restaurerte tårnet. I den perioden Arneberg stod for restaureringa fekk tårnet ei ny støypt vindeltrapp.[9]

Sørfløyen vart restaurert utover på 1600-talet og fekk fleire representasjonsrom i staden for den gamle hallen i Nordfløyen. Fleire av romma i Sørfløyen fekk golvfliser, utskore panelar, kaminar med ornamentikk, og takhimlingar med stukkatur. Romma fekk nye møbel, måleri og veggteppe.

Slottskyrkja i Sørfløyen vart ominnreia først i 1620-åra av Kristian IV, og seinare i åra 1738–1742.

Festningsporten er frå 1653 med bru over dagens Kongens gate til dagens ytre festningsområde. I 1744 fekk porten ny gavl - den noverande - og i 1848 vart det føyd til vindebru med heisanordning. Det siste var ved Balthazar Nicolai Garben.[9]

Skarpenords kruttårn er frå 1657, også kalla Store kruttårn og Escarpe du Nords kruttårn, reist i brotsteinmur og tegl i tre etasjar og valmtak. På utsida er ei steinplate med monogrammet til Fredrik III og årstalet 1657. Bygninga har ein underjordisk gang som forbind han med Blykjellaren frå rundt same tid.[9]

Kommandantar[endre | endre wikiteksten]

Høvedsmenn (utval)[endre | endre wikiteksten]

Frå 1572 var statthaldaren også øvstkommanderande på Akershus festning.

Militære kommandantar[endre | endre wikiteksten]

Årstalet er året vedkommande vart utnemnd.[11]




Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Akershus festning Nasjonale verneplan: 5.2 Hovedelementene innen kulturmiljøet». Forsvarsbygg. Henta 4. desember 2014. 
  2. 2,0 2,1 Oslo byleksikon side 43
  3. Stephan Tschudi-Madsen side 81
  4. «Kautokeino-opprøret - 1852: Rettsoppgjøret». Statsarkivet i Tromsø. Henta 6. desember 2014. 
  5. «Lars Hætta». Norsk biografisk leksikon. Henta 5. desember 2014. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Oslo byleksikon side 44
  7. Stephan Tschudi-Madsen, bolken Akershus gjenoppdages. Restaureringsdebatten s. 83-85
  8. «Stephan Tschudi-Madsen». Norsk biografisk leksikon. Henta 6. desember 2014. 
  9. 9,00 9,01 9,02 9,03 9,04 9,05 9,06 9,07 9,08 9,09 9,10 9,11 9,12 9,13 «Akershus festning Nasjonale verneplan: 9.1 Bygninger». Forsvarsbygg. Henta 6. desember 2014. 
  10. Christian Borhaven side 22
  11. Stephan Tschudi-Madsen side 111 ff

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Akershus festning