Akershus universitetssykehus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Mal:Wikiboks bygning

A-hus Hovudinngang

Akershus universitetssjukehus HF (Ahus) ligg i Lørenskog og er eit lokal- og områdesjukehus for ca. 500 000 innbyggjarar. Hovudoppgåvene er pasienthandsaming, forsking, undervising og pasientopplæring. Sjukehuset har pasienttilbod innan somatikk, psykisk helsevern og rusbehandling.

Ahus har ansvar for innbyggjarane i Follo og på Romerike, bortsedd frå somatiske tenester for Nes kommune. I tillegg er Rømskog kommune i Østfold og dei tre nordlegaste bydelane i Oslo; Alna, Grorud og Stovner, ein del av sjukehusområdet.

Verksemda føregår på Nordbyhagen i Lørenskog, Ski og ved ulike handsamingsstadar for psykisk helsevern og rusbehandling.

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mellomkrigstiden[endre | endre wikiteksten]

I mellomkrigstiden hadde ikkje Akershus fylke eit eige fylkessjukehus; det var kommunale sjukehus i Aker (før detta vart ein del av Oslo), i Bærum og på Eidsvoll. Øvrige sjukehusplassar vart kjøpt i Oslo – hovudsakleg på Riikshospitalet. Folkesetnaden i Akershus auka kraftig i første del av førre århundre, og i mellomkrigstiden kom plana om eit eige fylkessjukehus. Den første komiteen for å greia ut eit nytt sjukehus vart nedsett i 1920, men fylkestinget utsette saka ei rekkje gonger fram til 1934. Då ein i staden vedtok å gjera avtale med Rikshospitalet om at Akershus skulle disponera 300 plassar i sjukehuset. Planane om eit eige sjukehus vart lagt på is.

Etterkrigstiden[endre | endre wikiteksten]

Akershus fylke overtok i 1946 sjukehuset svenske Røde Kors hadde drive på Midtstuen i Oslo under krigen. Slik gjekk det til at Akershus sit første fylkessjukehus plassert like ved Holmenkollen. Midtstuen skulle vera ei mellombels løysing fram til fylket fekk reist sit eige sjukehus. Sjølv om det formelt var fylkets oppgave å etablera nye sjukehusplassar, var det òg ein annan aktør som ynskte å ha eit ord med i laget. Det var det statlege Helsedirektoratet, med den handlekraftige og meningssterke Karl Evang på toppen. Evang var tilhengar av plan- og sentraliseringspolitikken, som Arbeidarpartiet stod for i etterkrigstida. Han ynskte difor at staten ved Helsedirektoratet skulle ha mest mogleg innverknad over nye sjukehusbygg, og at dei skulle etablerast etter to hovudkriterier: Sentralisering av medisinsk kompetanse og ekspertstyring; styrt av leger etter retningslinjer frå nasjonale helsestyresmakter – ikkje lokalpolitikarar eller andre interessegrupper.

Etter påtrykk frå Evang vart ein sjukehuskomité nedsett av fylkesutvalget i 1946. I Evangs ånd var dette i høg grad ein fagkomité, beståande av fire leger, tre lokalpolitikarar, ein arkitekt og ein sjukepleier. Komiteen hadde til oppgåve å svara på tre spørsmål:

  1. Kva skal dekningsområdet vera? Komiteen vedtok at det skulle byggjast sjukehus for å dekka områda Romerike og Follo. Om ein tok omsyn til framtidig befolkningsvekst burde det byggjast sjukehusplassar nok til 140 tusen, og då var det naudsynt med 600 sjukehusplassar. (Til samanlikning skal Nye Ahus dekka 340 tusen med 570 plassar).
  2. Skulle dei nye plassane samlast eller vert spreitt på fleire sjukehus? Karl Evang hadde sjølv introdusert sentralsjukehus med alle spesialitetar samla i same sjukehus, som den framtidige løysinga for norsk sjukehusvesen. Det var òg sentraliseringsprinsippet som vann frami komiteen.
  3. Kor skulle det nye sjukehuset plasserast? Fagpersonene i komiteen meinte faktisk at sentralsjukehuset i Akershus burde plasserast i Oslo. Både fordi byen var eit naturleg knutepunkt, men ikkje minst fordi det ville verta vanskeleg å få godt kvalifiserte leger til å flytta ut av byen. Detta var likevel det einaste spørsmålet der lokalpolitikarane vann fram, og komiteen kom fram til at ei plassering rundt Lillestrøm kunne vera eit godt kompromiss.

Lokaliseringsdebatt[endre | endre wikiteksten]

Lørenskogs ordførar Bjarne Haugen var styrd til Akershus fylkessjukehus Midtstuen, og hadde fått førstehåndskunnskap til sjukehusdrift, og forståing for kva for ei tyding ein slik institusjon ville få for lokalsamfunnet. Han hadde allereie før sjukehuskomiteens beslutning sett etter ei passande tomt i Lørenskog. Då det var vedteke at eit sjukehus skulle reisast i traktene omkring Lillestrøm, hadde han eit forslag klart for formannskapet om ei tomt som burde tilbydast.

Forslaget var den 570 mål store tomta Nordby gard. Her budde dei eldre syskena Johan, Martin og Anne Nordby. Det var ikkje livsarvingar til garden. Området lå open og fritt til, nær fleire kommunikasjonsårer. Formannskapet støtta forslaget, og syskena Nordby avstod meir enn gjerne gardsbruket til det gode føremål – mot ein kompensasjon frå kommunen. Nordby gard var likevel ikkje det einaste forslaget. I utgangspunktet hadde Nordbyhagen tre konkurrerande tomter: ved Strømmen stasjon, i Lillestrøm sentrum og Huseby gard ved Skedsmokorset. Dei to første fall bort fordi tomta på Strømmen var for dyr og den i Lillestrøm for liten. I diskusjonen mellom Huseby og Nordby var det likevel berre representantar frå Follo, som støtta Lørenskog.

Etter vedtaket om nye utgreiingar vart fylkesmann Carl Platou møtt med kraftig kritikk frå det byggfaglige miljøet, blant Norske arkitekters landsforbund . Dei meinte at tomtespørsmålet måtte avgjerast raskt, for ikkje å forseinka prosjektet ytterlegare. Platou var no i tvil, men i staden for å ta saka tilbake til Fylkestinget valde han å kopla inn Helsedirektoratet, som fagkyndig instans. Dermed var saka nok ein gong løfta opp på statleg nivå, og dette representerte noko nytt innan sjukehusutbygging i Noreg. Ikkje berre hadde statlege organ teke initiativ til saka og fått leggja hovudpremissane. No fekk dei òg innverknad i den lokalpolitiske lokaliseringsdebatten. Karl Evang utpeikte sin nestkommanderande i Helsedirektoratet; medisinalråd John Caspersen til å leia gruppa av sakkyndige, som skulle gje Helsetilsynet anbefaling i tomtesaka. Dei kom på synfaring i midten av juli 1946.

Helsetilsynets sakkyndige konkluderte med at til trass for at Huseby hadde ei bettre plassering, var infrastrukturen betre ivaretatt på Nordby. I tillegg var tomtas plassering meir sentral i høve til Oslo, Lillestrøm og sørlege delar av Akershus. Etter at statens organet hadde sagt sit, snudde lokalpolitikarane. Det vart same haust vedteke at Sentralsjukehuset i Akershus skulle plasserast på Nordbyhagen i Lørenskog, og at det burde stå ferdig i løpet av fire år; innan 1950.

Knappleik på materialar og arbeidskraft[endre | endre wikiteksten]

Arkitekt Ol Øvergaard vann i 1948 arkitektkonkurransen med eit utkast der sjukehuset vart planlagt som eit høgbygg i 13 etasjar i sør-nord, med eit sentralt trapp- og heistårn, som gav direkte framkome til avdelingane. Sjølv om hovedideen vart godkjend, måtte arkitekten ta fleire rundar med byggekomiteen, for å gjennomføra planane. Dei endelege teikningane vart godkjent året etter; juli 1949, og no skulle eigenleg alt vera klårt for bygging av det nye sjukehuset. I etterkrigstiden var landerlikevel landet prega av stort behov for byggevarer til gjenreisingen etter krigen, og det var mangel på slike varer i heile Europa. Vidare var det vanskeleg å få tak i kvalifisert arbeidskraft og riktig utstyr. Detta var det lite ein kunne få gjort noko med, og i påvente av tilstrekkelege ressursar måtte ein berre ta tida til hjelp.

Det var likevel ikkje knapphet på varer og arbeidsfolk, som skapte problem. Ei annan og minst like viktig årsak til at byggestarten lét vente på seg, lå på det politiske og administrative plan. I 1948 vart Aker kommune (i dag nordøstlige bydelar i Oslo) skilt ut frå Akershus og vart ein del av Oslo. Noko som førde til nye diskusjonar knytet til sjukehuses storleik og finansieringsgrunnlag.

Arbeidet med råbygget starta i 1955, og snart vart heile området forvandla. I tillegg til sjukehuset, vart det òg reist sjukepleiarhøgskule og heile 285 boenheter for tilsette. Bygginga vart avslutta i 1959. Det nye bygget stod klår til bruk, men det var likevel ikkje klårt for drift; det mangla både utstyr og personell. Først kom det store mengder med utstyr, som vart lagra på sjukehuset våren 1960, og sommaren same år kom det fyrste personellet. Morgonen 6. oktober 1960 gjekk det ein kortesje av ambulansar og drosjer mot Lørenskog, og sjølv om detta var ei stor hending, hadde ikkje sjukehusleiinga noko ønske om publisitet.

Den anonyme starten vart likevel oppveid av stor festivitas den 15. mai 1961, då Sentralsjukehuset i Akershus vart offisielt opna. Då var Kong Olav og statsminister Einar Gerhardsen til der.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Historia om Lørenskog – Myter og menneske 1900 til 1990, av Ola Alsvik, 1998. ISBN 82-9928l56-3-1, ib.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar