Akhelóos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Akhelóos
Αχελώος
Leia til Akhelóos
Leia til Akhelóos
Utspring Píndosfjella i periferieininga Tríkala
- Høgd Om lag 2 000 m
Munning Det joniske havet
Land i nedslagsfelt Hellas
Lengd 217 km

Akhelóos (gresk Αχελώος), òg kalla Achelous eller Acheloos, er ei elv vest i Hellas. Ho er 217 km lang og den nest lengste elva innanfor Hellas etter Aliákmonas. Elva danna i antikken grensa mellom Akarnania og Aitolia. Akhelóos munnar ut i Det joniske havet. Elveguden i gresk mytologi, Akhelous, er kalla opp etter elva.

Elva har i dag sitt utspring i periferieininga Tríkala ved Lákmos i Píndosfjella i ei høgd på om lag 2 000 m. Ei av dei første sideelvane hennar er Aspropótamos, som tyder «kvit elv». Elva renn langs grensa til periferieininga Árta, som òg er grensa til periferien Ípiros. Ho renn vidare langs grensa mellom Kardítsa i aust og Etoloakarnanía i vest, og nokre kilometer nedanfor med Evrytanía i aust. Ho renn ut Kremastásjøen, det største reservoaret i Hellas. Dit renn òg mellom anna sideelvane Agrafiótis og Mégdovas. Elva går vidare vest for Panetolikófjella, og vest for Agrínio renn ho ut i eit myrområde der ho vert kryssa av ei 2 km lang bru på E55. Elva munnar ut i Det joniske havet og delvis ut i Pátrabukta via Mesolóngilagunen vest for Mesolóngi.

Tidlegare namn på elva var Thoas, Thestios og Axenos.

Oppdemming[endre | endre wikiteksten]

I 1960-åra starta konstruksjonen av demningar langs Akhelóos. Kremastádemninga stod ferdig i 1967 og skapte den største kunstige innsjøen i landet. I 1969 var Kastrákidemninga, noko lenger ned i elveløpet, ferdig, og Kastrákisjøen vart til. Vidare nedover vart Strátosdemninga bygd på grensa mellom Etoloakarnanía og Evrytanía. Han stod ferdig i 1989. Reservoara vert nytta til produksjon av vasskraft og gjev straum til vestlege og sentrale område av Hellas.

Ei fjerde demning er bygd ved Mesokhóra høgare opp i elveløpet. Føremålet har vore å overføre vatn frå Akhelóos i tunell gjennom Píndosfjella til Thessalía for å vatne landbruksområde der. Demninga står ferdig, men er så langt ikkje teke i bruk. Prosjektete er stoppa av miljøomsyn.

Stader langs elva[endre | endre wikiteksten]

Frå toppen og nedover:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]