Hopp til innhald

Akherítou

Akherítou
Αχερίτου
Güvercinlik
Land
Distrikt

Land
Distrikt
 Kypros
Ammókhostos

 Nord-Kypros
Gazimağusa
Flatevidd 40,1905 km²
Innbyggjarar[1]
  By (2011)

2 467
Koordinatar 35°6′2″N 33°51′38″E / 35.10056°N 33.86056°E / 35.10056; 33.86056
Høgd 23, 15 m
Tidssone
  Ved sommartid
UTC+2, UTC+2, UTC+03.00 (UTC)
UTC+03.00 (UTC)
Nettstad: http://www.acheritou.com
Akherítou innafor distriktet Ammókhostos
Akherítou innafor distriktet Ammókhostos
Akherítou innafor distriktet Ammókhostos

Akherítou (gresk Αχερίτου, tyrkisk Güvercinlik) er ein landsby på Kypros og ein lokalstyrt busetnad i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.[2]

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 var busetnaden utanfor kontroll frå styresmaktene, og dei gresk-kypriotiske innbyggjarane flykta sørover. Dei budde først som flyktningar i ein teltleir nær den opphavlege landsbyen. Seinare vart det bygd opp ein ny landsby, Ájos Jeórjos tou Akherítou (gresk Άγιος Γεώργιος του Αχερίτου) eller Vrysoúlles (gresk Βρυσούλλες) berre eit par kilometer frå den gamle landsbyen.[3] Den opphavlege landsbyen er administrert som ein del av kommunen Beyarmudu (Pérgamos) i distriktet Gazimağusa i Nord-Kypros.[4]

Ved folketeljinga i 2021 hadde den nye busetnaden 1 901 innbyggjarar,[5] mot 1 556 innbyggjarar i 2011.[1] Den opphavlege busetnaden hadde 911 innbyggjarar i 2011.[4]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
  2. «Oversyn over kommunar og busetnader» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 4. juni 2016. Henta 17. september 2023.
  3. PRIO: Rapport om internt fordrivne på Kypros
  4. 1 2 «KKTC Nüfus Sayımı, 2011 – Folketeljing Nord-Kypros 2011» (PDF) (på tyrkisk). www.ktoeos.org. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2022. Henta 17. september 2023.
  5. «Folketeljing Kypros 2021» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 21. juni 2025. Henta 28. august 2025.