Aki Karvonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aki Karvonen
Statsborgarskap Finland
Fødd 31. august 1957 (66 år)
Valtimo
Idrett langrenn
Tok del i

cross-country skiing at the 1984 Winter Olympics – men's 15 kilometres, cross-country skiing at the 1984 Winter Olympics – men's 4 x 10 km relay, Ski-VM 1982, Ski-VM 1985, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989

Aki Tapani Karvonen (fødd 31. august 1957) er ein finsk tidlegare langrennar frå Valtimo i Norra Karelen som i tida 1982-89 vann seks medaljar i ulike verdsmeisterskap og olympiske vinterleikar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Karvonen vart nummer ti på 30 km under Ski-VM 1982 i Oslo, noko som gav han plass på det finske stafettlaget i 4 x 10 km stafett, eit lag som kom på delt bronseplass med Aust-Tyskland. To år seinare vann han ein ny stafettbronse under Vinter-OL 1984 i Sarajevo. I same leikane tok han sølvmedaljen på 15 km, bak svenske Gunde Svan, og bronsemedaljen på 50-kilometeren, einast Thomas Wassberg og nemnde Svan kom framom på resultatlita. Dessutan vart han nummer fem på tremila.

I Ski-VM 1985 nådde ikkje Karvonen opp på pallen. I si beste tevling, 30 km, enda han som sjettemann. Derimot tok han sølvmedaljen på same distansen då Ski-VM 1987 fann stad i Oberstdorf, Thomas Wassberg vann tevlinga. Under verdsmeisterskapen 1989 heime i Lahti enda Karvonen på fjerdeplass i 15 km klassisk stil, før han gjekk startetappen på Finlands sølvlag i 4 x 10 km stafett.

Karvonen vedgjekk bloddoping i 1985. Bortsett frå dei store meisterskapane, var han sjeldan å sjå høgt på resultatlistene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]