Akira Kuroiwa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Akira Kuroiwa
Akira Kuroiwa.JPG
Fødd 6. september 1961
Tsumagoi
Yrke skøyteløpar
Akira Kuroiwa på Commons

Akira Kuroiwa (fødd 6. september 1961) er ein japansk skeiseløpar frå Gunma som vart verdsmeister i sprint i 1983 og 1987.

Kuroiwa vart høvesvis nummer seks og åtte i sprint-VM 1981 og 1982. Under sprint-VM 1983 i Helsinki gjekk han heilt til topps, klart framom Pavel Pegov frå Sovjetunionen. I OL-sesongen 1984 enda han på åttande-, niande- og tiandeplass i høvesvis sprint-VM og på 1000 m og 500 m då han deltok i dei olympiske vinterleikane 1984 i Sarajevo.

Ved sprint-VM 1986 i heimlege Karuizawa vart Kuroiwa tredjemann, men likevel langt bak verdsmeister Igor Zjelesovskij og Dan Jansen. Året etter vann derimot Kuroiwa laurbærkransen då sprintmeisterskapen fann stad i Sainte-Foy i USA, etter ein jamn kamp mot Nick Thometz frå vertslandet.

Vinteren 1988 sikra Kuroiwa seg den olympiske bronsemedaljen på 500 m under Vinter-OL 1988 i Calgary. Han måtte sjå seg slått av Uwe-Jens Mey frå Aust-Tyskland som vann med ny verdsrekord 36,45 sekundar og Jan Ykema fra Nederland, sistnemnde var eitt hundredels sekund framom Kuroiwa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]