Akkajaure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Akkajaure
innsjø
Akka mountain.jpg
Áhkká sett frå innsjøen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Landskap Lappland
Län Norrbottens län
Innsjøtype menneskeskapt reservoar
Tilsig 55% frå Voujatätno, 25% frå ni andre elvar, 20% via tunnel frå Sitasjaure-dammen[1]
Utløp Luleälven, nedanfor Suorva-dammen[1]
Nedslagsfelt 4 650[1] km²
Høgd over havet 453[1] moh
Lengd 60[1] km
Areal 266[1] km²
Middeldjupn 30[1] m
Største djupn 92[1] m
Volum 5,9[1] km³
Koordinatar 67°38′07″N 17°38′29″EKoordinatar: 67°38′07″N 17°38′29″E
Wikimedia Commons: Akkajaure

Akkajaure er ein innsjø i Jokkmokk kommun i Norrbottens län i landskapet Lappland i Sverige. Innsjøen ligg nordvest for Stora Lulevatten og er kjelda til Luleälven. Akkajaure er eit regulert vassmagasin og vart danna ved bygginga av kraftverket ved Suorvadammen. Under det som i dag er vassyta låg tidlegare fleire mindre vatn og mange kvadratkilometer med reinbeite-mark. Storleiken på Akkajaure varierer mellom 94 og 266 km². Vasstanden ligg mellom 423 og 453 meter over havet.

Området omkring Akkajaure er om sommaren det vestlege kjerneområdet for 'Sirges sameby'. Det vert nytta til sommar-, haust- og vårbeite for rein. Om sommaren er det eit intensivt kalvings- og brunstområde, samt eit område for merking av reinkalvar. Mange faste reindriftsanlegg finst innanfor området og vart brukt til merking av kalvar og til slakting. Også hytter for reinvaktarar og samiske høyløer er bygt.

Sør for Akkajaure ligg fjellet Áhkká.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Sahlberg, J (2003), «Physical modelling of the Akkajaure reservoar» (PDF), Hydrology and Earth System Sciences (3): 268–282  Den ukjende parameteren |volum= vart ignorert (hjelp)