Akkarvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Akkarvik er ei bygd sør og vest på Arnøya i Skjervøy kommune i Troms. Bygda, som ligg ved Langfjorden, har i dag om lag 10 fastbuande. Akkarvik er endepunkt for Fylkesveg 348 i Troms. Bygda har elles vegsamband til Arnøyhamn i aust, og til Årviksand i nord.

Akkarvik

Akkarvik har vore busett sidan 1600-talet. Bygda var på sitt største i 1950-åra, med eit folketal på over 300. Den gongen hadde bygda anløp av lokalbåt fleire gongar dagleg, to butikkar, bakeri, postkontor og stasjon for rikstelefon. Midt på 1960-talet byrja folk å flytte frå Akkarvik, og i 1984 vart skulen nedlagd. I 2001 budde 24 personar i bygda, fordelt på 14 heimar. Sidan har folketalet minka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]