Akko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akka vert omdirigert her, sjå òg Áhkká.
Akko
عكّا, עַכּוֹ
by
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°55′40″N 35°04′54″E
Areal 13,533 km²
Folketal 47 200  (Desember 2012)
Folketettleik 3 488 / km²
Borgarmeister Shimon Lankri
Verdsarvstad
Namn Gamlebyen i Akko
År 2001 (#25)
Nummer 1042
Region Midtausten
IUCN-kategori ii, iii, v
Kart
Akko
32°55′34″ N 35°5′2″ E
Wikimedia Commons: Acre (city)

Akko (hebraisk עַכּוֹ, ʻAkko; arabisk عكّا, ʻAkkā, gammalgresk, Akre, Ἄκρη, engelsk/fransk Acre)[1] er ein by nord på kystsletta i det nordlege Israel, heilt nord i Haifabukta. Byen ligg strategisk til ved kysten av Middelhavet og dei gamle handelsvegane i Levanten[2] Akko er ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda.

I krossfarartida vart han kalla «St. John d'Acre» etter Johannesordenen som hadde hovudkvarteret sitt der. Akko er den heilagaste byen i bahaitrua. I 2011 hadde byen 46 464 innbyggjarar.[3] Akko har ein blanda folkesetnad, der 75 % av innbyggjarane er jødar og 25 % er arabarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Akvedukt i Akko.

Namnet 'Akka er registrert i egyptiske kjelder frå kring 2000 fvt., med tre teikn (den første gutturale lyden, «k» og «a»; etterfølgd av teiknet for «utanlandsk by»).[4][5]

Byen vart kalla Ptolemais i hellenistisk tid og seinare romersk-bysantinsk tid, men vart gjeven attende namnet «Akka» etter den muslimske erobringa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ruinar av den gamle hamna.

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Akko er ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda.[6] Egyptiske lister frå rundt 1800 fvt. nemner ein «Akka» som kan visa til byen.[7][8] Amarnabreva nemner òg staden Akka,[9] og det same gjer Forbanningstekstane, som er eldre enn Amarnabreva.[10] Den første busetnaden på staden ser ut til å ha dukka opp i tidleg bronsealder, eller kring 3000 fvt.[2] I Det gamle testamentet, (Dommarane 1:31) er Akko ein av stadane som israelittane ikkje dreiv ut kanaanittane frå. Han vart seinare skildra i området til stamma Asher og i følgje Josefus, vart han styrt av ein av guvernørane til Salomo. Gjennom det israelittiske styret, var han politisk og kulturelt knytt til Fønikia. Kring 725 fvt. vart Akko med Sidon og Tyr i eit opprør mot Shalmaneser V.[11]

Gresk, judeisk og romersk tid[endre | endre wikiteksten]

Greske historikarar kalla byen Ake, som tyder «kur». I følgje dei greske mytane fann Herakles lækjande urter her for å kurere såra sine.[12] Josefus kalla han Akre. Namnet vart endra til Antiokhia Ptolemais (gresk Αντιόχεια Πτολεμαίς) kort tid etter erobringa til Aleksander den store, og så til Ptolemais, truleg av Ptolemaios Soter, etter delinga av kongedømet til Aleksander den store.[13] Strabon omtalar byen som ein gong eit møtepunkt for persarane sine tokt mot Egypt. Kring 165 fvt. slo Judas Makkabeus selevkidane i fleire slag i Galilea, og dreiv dei inn i Ptolemais. Kring 153 fvt. kjempa Alexander Balas, son av Antiokhos Epifanes, om selevkidkrona mot Demetrius, og erobra byen, som opna portane sine for han. Demetrius prøvde å mute makkabearane for å få jødiske støtte mot rivalen sin, mellom anna inntekter til Ptolemais frå Tempelet i Jerusalem, men mislukkast. Jonatan Makkabeus gav støtta si til Alexander, og i 150 fvt. vart han teken i mot med stor ære i Ptolemais. Nokre år seinare fekk Tryfon, ein offiser for selevkidane som hadde vorte mistenksam på makkabearane, lokka Jonatan til Ptolemais og tok han der til fange.

Byen vart erobra av Alexander Jannaeus, Kleopatra VII av Egypt og Tigranes II av Armenia. Her bygde Herodes eit gymnasium, og her møtte jødane Petronius, som var send for å setje opp statuar av keisaren i tempelet og overtydde han om å vende attende. Apostelen Paulus var ein dag i Ptolemais (Apostelgjerningane 21:7). Det vart grunnlagd ein romersk colonia ved byen kejnd som Colonia Claudii Caesaris Ptolemais[14] eller Colonia Claudia Felix Ptolemais Garmanica Stabilis[15] etter keisar Claudius; han var kjend under kortnamnet Colonia Ptolemais.[14] Etter delinga av Romarriket i 395 evt., vart Akko underlagt Austromarriket.

Tidleg islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

Etter nederlaget til den bysantinske hæren til Heraklios mot den muslimske armeen til Khalid ibn al-Walid i slaget ved Yarmouk, og den kristne byen Jerusalem kapitulerte for kalifen Umar, kom Akko under Rashidun-kalifatet i byrjinga av 638.[6] I følgje den tidlege muslimske historikaren al-Baladhuri, vart sjølve erobringa av Akko leia av Shurahbil ibn Hasana, og byen overgav seg truleg utan motstand.[16] Den arabiske erobringa gav byen ny velstand, sidan han tente som hovudhamna i Palestina under Omajade- og Abbasidekalifatet som følgde, og gjennom krossfararstyret på 1200-talet.[6]

Den første omajadekalifen, Mu'awiyah (r. 661-680), rekna kystbyane i Levanten som strategisk viktige. Han forsterka derfor forsvarsverka i Akko og busette byen med persarar frå andre delar av det muslimske Syria. Frå AKko, som vart ein av dei viktigaste hamnebyane i regionen i lag med Tyr, sette Mu'awiyah i gang eit åtak mot det bysantinske Kypros. Bysantinarane gjekk til åtak på kystbyane i 669, noko som fekk Mu'awiyah til å samle og sende skipsbyggarar og snikkarar til Akko. Byen tente som den viktigaste marinebasen i Jund al-Urdunn («Militærdistriktet Jordan») fram til regjeringstida til kalifen Hisham ibn Abd al-Malik (723-743), som flytta dei fleste skipsverfta nord til Tyr.[16] Akko vart framleis verande ein militært viktig stad i den første abbasidetida og kalif al-Mutawakkil gav ordre om å gjere Akko til ein stor marinebase i 861, og utstyrte byen med slagskip og soldatar.[17]

På 900-talet var Akko framleis ein del av Jund al-Urdunn.[18] Den lokale arabiske geografen al-Muqaddasi vitja Akko tidleg i fatimidetida i 985, og skildra han som ein festningsby med ein stor moské og mange olivenlundar. Den sjølvstendige emiren Ibn Tulun frå Egypt, som annekterte byen i 870-åra, hadde tidlegare bygd festningsverk i byen, som gjorde byen relativt trygg for handelsskip som kom til hamna i byen. Då den persiske geografen Nasir Khusraw vitja Akko i 1047, skreiv han at den store Fredagsmoskéen var bygd av marmor, og låg i sentrum av byen, og like sør for moskéen låg «grava til profeten Salih[17][19] Khusraw skildra storleiken til byen, som var omtrent 1,2 km lang og 300 meter brei. Dette talet indikerer at Akko på den tida var større enn den noverande Gamlebyen, som hovudsakleg vart bygd på 1700- og 1800-talet.[17]

Krossfarar- og mamelukktida[endre | endre wikiteksten]

Tempelriddar-tunnel.

Etter ei kring fire år lang kringsetjing,[20] kapitulerte Akko til slutt for styrkane til kong Baldwin I av Jerusalem i 1104 under det femte krosstoget. Krossfararane gjorde òg byen til den viktigaste hamna si i Palestina.[21] Undet det første krosstoget, skreiv Fulcher om reisa si med krossfarararmen til kong Baldwin, og at dei var ved Akko før armeen rykka fram til Jerusalem. Dette syner at sjølv i starten var Akko eit knutepunkt mellom krossfararane og framrykkinga deira i Levanten.[22] Funksjonen til byen var å gje krossfararane eit fotfeste i regionen og ha tilgang til den livlege handelen som gjorde dei velstaånde, særleg då dei fekk tilgang til den asiatiske krydderhandelen.[23] I 1130-åra hadde han eit folketal på kring 25 000 og berre Jerusalem var større i kongedøma til krossfarane. Kring 1170 vart han hovudhamna i det austlege Middelhavet, og kongedømet Jerusalem vart i vesten rekna som særs rik hovudsakleg på grunn av Akko. I følgje ein engelsk historikar på den tida, gav byen meir til krossfararkrona enn dei totale inntektene til kongen av England.[24]

Den andalusiske geografen Ibn Jubayr skreiv i 1185 at det framleis var eit muslimsk samfunn i byen, som tilbedde i ein liten moské. Akko kapitulerte i lag med Beirut og Sidon utan kamp for ajjubidane og Saladin i 1187, etter den avgjerande sigeren ved Hattin og den påfølgjande muslimske erobringa av Jerusalem. Han vart verande i muslimske hender fram til byen uventa vart kringsett av kong Guy of Lusignan—forsterka av marinen og bakkestyrkar frå Pisa — i august 1189. Kringsetjinga var unik i krosstogshistoria fordi dei frankiske kringsetjarane sjølv vart kringsett av soldatane til Saladin. Han vart ikkje erobra før i juli 1191, då styrkar frå det tredje krosstoget, leia av Rikard I av England og Filip II av Frankrike, kom til støtte. Akko tente då som den eigentlege hovudstaden i det som var att av kongedømet Jerusalem i 1192 og vart seinare setet for Maltesarordenen. Akko vart verande ein velståande handelsby aust i Middelhavet, men gjekk òg gjennom nokre turbulente tider med kampar mellom forskjellige fraksjonar av krossfararane som stadig førte til borgarkrigar.[25]

Den gamle delen av byen, der hamna og borga stod, stikk ut frå kystlinja, og på begge sider av eit smalt stykke land er det sjø. Dette gjorde staden særleg effektiv som hamn og den samle inngangen gjorde at det var lett å forsvare gamlebyen. Både arkeologiske funn og tekstane til krossfararane syner kor strategisk viktig Akko var - ein by det var heilt naudsynt å passere gjennom, kontrollere og, som dei massive murane synte, verne. Akko var den siste skansen til krossfararane då det meste av kysten i Levanten var erobra av mamelukkane. Byen vart isolert og i stor grad forlaten av Europa, og kapitulerte til mamelukkane under sultan al-Ashraf Khalil i ei blodig omleiring i 1291. I tråd med linja mamelukkane førte for kystbyane, for å hindre at dei vart nytta av krossfararstyrkar i framtida, vart Akko fullstendig øydelagd med unntak av nokre få religiøse bygg som vart rekna som heilage av muslimane, nemleg Nabi Salih-grava og Ayn Bakar-kjelda. I 1321 skreiv den syriske geografen Abu'l Fida at Akko var «ein vakker by», men framleis i ruinar etter erobringa av mamelukkane. Likevel vart den «romlege» hamna framleis i bruk og byen var full av kunstnarar.[26] Gjennom mamelukktida (1260-1517) vart Akko overgått av Safad som den viktigaste byen i provinsen.[25]

Den osmanske tida[endre | endre wikiteksten]

Gamlebyen i Akko, 1878 av Félix Bonfils
Jezzar Pasha-moskéen

Osmanarane under sultan Selim I erobra byen i 1517, etter at han vart sett i brann av mamelukkane og vorte ein liten fiskelandsby. Den engelske akademikaren Henry Maundrell fann byen i 1697 i ruinar,[27] utanom ein khan (karavanserai) bygd og i bruk av franske handelsmenn,[28] ein moské og nokre få fattige hytter.[27] Khanen vart kalla Khan al-Ilfranj etter franskmennene som bygde han.[28]

Under osmansk styre spelte Akko framleis ei viktig rolle i regionen via mindre sjølvstendige sjeikdøme.[2] Mot slutten av 1700-talet var tilstanden på veg oppover igjen i Akko under styret til Dhaher al-Omar, den arabiske herskaren i Galilea, som gjorde byen til hovudstad i det sjølvstyrte sjeikdømet sitt. Dhaher bygde opp att festningsverka i Akko, og brukte materiale frå dei gamle mellomalderruinane. Han døydde utafor murane under eit åtak mot han av den osmanske staten i 1775.[25] Etterkomaraen hans, Jezzar Pasha, fortsette på festningsverka då han flytta hovudstaden i Saida eyeletSidon provins») til Akko, der han budde.[29] Jezzar fekk til desse forbetringane gjennom tunge skattar og sikra seg sjølv alle fordelane med utbetringane. Kring 1780 forviste Jezzar den franske handelskolonien, trass i protestar og frå den franske regjeringa, og nekta å ta i mot ein konsul.[treng kjelde] Både Dhaher og Jezzar utførte ambisiøse byggprosjekt i byen, og bygde fleire karavanseraiar, moskéar, offentlege bad og andre bygg. Somme av bygga var Jezzar Pasha-moskéen, som vart bygd av stein frå dei gamle ruinane frå Caesarea og Atlit og Khan al-Umdan, som begge vart bygd etter ordre frå Jezzar.[28]

Hamna i Akko

I 1799 kom Napoleon til Akko i eit forsøk på å få syrarane til gjere opprør mot tyrkarane, men etter ei kringsetjing som varte to månader (mars-mai), vart han driven attende av tyrkarane, med hjelp av sir Sidney Smith og ein styrke britiske sjømenn. Etter å ha tapt kanonane sine til Smith, prøvde Napoleon å kringsetje byen som var forsvart av osmanske soldatar den 20. mars 1799, ved hjelp av berre infanteriet og kanonar av lite kaliber, ein strategi som mislukkast.

Jezzar vart etterfølgd av sonen Suleiman Pasha, som hadde ein mildare måte å styre på og auka velstanden i byen fram til han døydde i 1819. Etter han døydde, betalte rådgjevaren hans, Haim Farhi, ein stor sum i muting for å sikre at Abdullah Pasha (sonen til Pasha, nestleiaren til Suleiman Pasha), som han hadde kjend sidan ungdom, vart utpeikt som ny herskar. Abdullah Pasha styrte Akko fram til 1831, då Ibrahim Pasha kringsette og reduserte byen, og øydela bygningane. Under Orientalkrisa i 1840 vart han bomba den 4. november 1840 av allierte britiske, austerrikske og franske skvadronar, og året etter vart det tyrkiske styret sett inn att. Han fekk attende noko av den tidlegare velstadnen etter at han fekk jernbanesamband i 1913 med Hejaz-banen, som gjekk til Haifa.[30] Han var senter i ein sanjak (Akko sanjak) i Beyrut eyalet fram til den engelske okkupasjonen den 23. september 1918 under fyrste verdskrigen.

Palestinamandatet[endre | endre wikiteksten]

Khan al-Umdan i gamlebyen i Akko.

I byrjinga av Mandatperioden, i 1922, hadde Akko kring 6 500 innbyggjarar og 4 883 av dei var muslimar (75 %), 1 344 kristne (21 %); 115 Baha'i (2 %); 78 jødiske (1 %); og 80 andre (1 %).[31] Det britiske mandatet rekonstruerte Akko og økonomien betra seg. I 1931 budde det 7 897 innbyggjarar i Akko, og i 1946 hadde talet stige til kring 13 000.[31]

Under pogromen i 1929 øydela arabarar, leia av As'ad Shukeiri, den gamle synagoga i gamlebyen i Akko.[31] Under arabararopprøret i 1936–1939, var dei arabiske innbyggjarane i AKko særs aktive mot dei britiske og jødiske busetnadane i Vest-Galilea.[31] Dette førte til at jødane forlet Akko.[treng kjelde]

Inne i Akko fengsel, kring 1938.

Festninga i Akko vart omgjort til eit fengsel, der medlemmar av den jødiske undergrunnen vart halden under kampane deira mot britane, mellom dei Zeev Jabotinski, Shlomo ben Yossef og Dov Grunner. Grunner og ben Yossef vart avretta der. Andre jødiske fangar vart sleppte fri av medlemmar av Irgun, som braut seg inn i fengselet den 4. mai 1947 og klarte å sleppe fri aktivistar frå den jødiske undergrunnsrørsla. Over 200 arabiske fangar rømde òg.[32]

I delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina i 1947, var Akko tiltenkt ein del av ein framtidig arabisk stad. Før den arabisk-israelske krigen i 1948 braut ut, gjekk arabarar i Akko til åtak på jødiske busetnader og transport i området. Den 18. mars 1948 tok arabarar frå Acre livet av jødiske tilsette i eit elektrisitetsselskap som reparerte øydelagde linjer nær byen.[33]

Under krigen i 1948 vart Akko kringsett av israelske styrkar. Det braut samstundes ut tyfus i Akko.[treng kjelde] Egypt hevda at Haganah nytta tyfus som eit biologisk våpen mot innbyggjarane, men det er ikkje funne bevis som støttar dette.[treng kjelde] Brigader Beveridge, sjef for den britiske medisintenesta, hevda på den tida «Noko slikt har aldri skjedd i Palestina». I følgje Ilan Pappé vart det gjort ei undersøking av Beveridge, og oberst Bonnet frå den britiske hæren og delegatar frå Raude Krossen konkluderte med at infeksjonsn vart spreidd via vatn.[34] Israel nektar for å brukt biologiske våpen.[35][36]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Akko vart erobra av Israel den 17. mai 1948,[37] og forflytta den arabiske folkesetnaden i byen (13 510 av 17 395).[38] Gjennom 1950-åra vart mange av dei jødiske bydelane oppretta nord og aust i byen, og han vart ein utviklingsby utpeikt til å ta i mot dei mange jødiske emigrantane, hovudsakleg jødar frå Marokko. Gamlebyen i Akko vart i stor grad verande arabisk og muslimsk (mellom anna fleire beduin-familiar), med den arabisk kristne bydelen like ved. Byen trekte òg til seg folk frå Bahá'í-trua, og somme fekk viktige stillingar i byen. I dag ligg Bahjí-herregarden i byen.

I 1990-åra tok byen i mot tusenvis av jødar som immigrerte frå Sovjetunionen og seinare frå Russland og Ukraina. I løpet av fleire år, endra balansen mellom talet på jødar og arabarar i byen seg att og fram, då dei nordlege bydelane vart fråflytta av mange jødar, som heller slo seg ned i den nærliggande Nahariya, medan mange muslimske arbarar flytta inn (hovudsakleg frå nærliggande arabiske landsbyar). Byen har i dag likevel fått ein stor jødisk majoritet.

Akko jernbanestasjon.

Etniske kampar braut ut i byen den 8. oktober 2008 då ein arabisk innbyggjar køyrte gjennom den hovudsakleg jødiske bydelen under Yom Kippur, noko som førte til fem dagar med vald mellom arabarar og jødar.[39][40][41]

I 2009 var innbyggjartalet i Akko 46 300.[42]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Akko rådhus

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå, er det i dag 46 300 innbyggjarar i Akko. Folkesetnaden er ei blanding av jødar og arabarar. Dei fleste arabarane er muslimar og kristne, medan minoritetar er drusarar og Baha'i. Jødar utgjer 67,1 % av folkesetnaden, dei muslimske arabarane 25,3%, kristne arabarar 2,4% og andre 5,2%.

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå, er 95% av innbyggjarane i Gamlebyen arabarar.[43] Berre kring 15 % av den noverande arabiske folkesetnaden ættar frå familiar som budde der før 1948.[44] I 1999 var det 22 skular i Akko med i alt 15 000 elevar.[45]

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Karronade nær Gamlebyen.

Gamlebyen i Akko har status som verdsarvstad. Sidan 1990-åra er det gjort store arkeologiske utgravingar og forsøk på å bevare dei gamle stadane. I 2009 vart det planlagt renovering av Khan al-Omadan, den største av fleire osmanske vertshus som framleis står i AKko. Han vart bygd nær hamna mot slutten av 1700-talet av Ahmed Pasha al-Jazzar. Handelsmenn som kom til hamna lossa varene sine i første etasje og sov i innkvartering i andre etasje. I 1906 vart det bygd eit klokketårn over hovudinngangen som markerte 25-årsjubileet til regjeringstida til den tyrkiske sultanen Abdul Hamid II.[46]

Bymurane[endre | endre wikiteksten]

Sjømuren i Akko.

I 1750 nytta Daher El-Omar, herskaren i Akko, restane av krossfararane til å byggje sine eigne murar. Det vart sett inn to portar i muren, «landporten» på austsida og «sjøporten» i sørveggen. Murane vart forsterka mellom 1775 og 1799 av Jezzar Pasha og overlevde kringsetjinga til Napoleon. Murane var tynne, høgda var frå 10 til 13 meter og tjukkleiken berre ein meter. Ein tung forsvarsmur vart bygd nord og aust for byen i 1800–1814 avJezzar Pasha og den jødiske rådgjevaren hans, Haim Farhi. Han består av moderne festningsverk med motartilleri, og tjukke murar, ei tørr vollgrav, kanonutpostar og tre store forsvarstårn. Sidan den gong vart det ikkje gjort større endringar av forsvarsverka. Sjømuren, som nesten er intakt, er den originale muren som El-Omar bygde og som vart forsterka av Jezzar Pasha. I 1910 vart det sett inn to portar til i murane, ein i nordveggen og ein i nordvestre hjørnet. I 1912 vart Akko fyrhus bygd i sørvesthjørnet av murane.

Jezzar Pasha-moskéen[endre | endre wikiteksten]

Jezzar Pasha-moskéen vart bygd i 1781. Jezzar Pasha og etterfølgjaren Suleiman Pasha, er begge gravlagde i ein liten gravplass ved sidan av moskéen. I eit skrin i andre etasje av moskéen, ligg eit enkelt hårstrå frå skjegget til profeten Mohammed og dette vert vist fram ved spesielle seremoniar.

Festninga i Akko[endre | endre wikiteksten]

Den noverande bygningen som utgjer citadellet i Akko er eit osmansk festningsverk, bygd over krossfararborga. Borga var ein del av forsvarsverka til byen, og forsterka nordmuren. På 1900-talet vart citadellet hovudsakleg nytta som Akko og hadde ein galge. Under Det britiske mandatet vart aktivistar frå den jødiske sionistrørsla halde fangar her, og somme av dei vart avretta.

Hamam al-Basha[endre | endre wikiteksten]

Det tyrkiske badet i Akko vart bygd i 1795 av Jezzar Pasha og har ei rekkje varme rom og eit sekskanta damprom med ei fontene av marmor. Han vart nytta av Irgun for å bryte sg inn i fengselet. Badet vart funksjonelt fram til 1950.

Riddarhallane[endre | endre wikiteksten]

Riddarhallane

Under citadellet og fengselet i Akko, har arkeologisk utgravingar avdekt ei rekkje hallar, som vart bygd og nytta av Johanittarordenen.[21] Dette komplekset vart ein del av citadellet til Johanittarordenen, som var ein del av nordmuren i Akko. Det består av seks hallar som heng i saman, mellom dei ei gammal gotisk kyrkje.

Bahá'í-stader[endre | endre wikiteksten]

Bahai-heilagdomen i Akko, Bahji-herregarden.

Det ligg mange heilage stader for Bahá'í-trua i og kring Akko. Dei har opphavet sitt i Bahá'u'lláh si fengsling i citadellet under det osmanske styret. Dei siste åra av livet til Bahá'u'lláh budde han i Bahjí-herregarden, like utafor Akko, sjølv om han formelt framleis var ein fange i Det osmanske riket. Bahá'u'lláh døydde den 29. mai 1892 i Bahjí, og heilagdomen hans er den mest heilage staden for Bahá'í-truande — deira Qiblih, er staden dei vender seg mot når dei gjer dei daglege bønene sine. Her ligg leivningane av Bahá'u'lláh og han er nær staden der han døydde i Bahjí-huset. I 2008 vart Bahai-stadane i Akko og Haifa ein verdsarvstad.[47][48]

Sport[endre | endre wikiteksten]

Fotballaget i byen er Hapoel Acre som spelar i den israelske eliteserien. Dei spelar kampane sine på Akko kommunale stadion som opna i september 2011. Hapoel Acre rykka opp til den israelske elitserien i 2009, etter å ha vore borte frå serien i 31 år.

Akko hamn

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Akko er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Andre stavingar og historiske namn på byen er Accho, Acco og `Akká, eller tidlegare Aak, Ake, Akre, Akke, Ocina, Antiokhia Ptolemais (gresk Ἀντιόχεια τῆς Πτολεμαΐδος), Antiokhenes, Ptolemais Antiokhenes, Ptolemais eller Ptolemaïs, Colonia Claudii Cæsaris og St.-Jean d'Acre (forkorta til Acre), norrønt Akersborg
  2. 2,0 2,1 2,2 «Gamlebyen i Akko.» UNESCO World Heritage Sentral. World Heritage Convention. Web. 15 Apr 2013. <http://whc.unesco.org/en/list/1042>]
  3. «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014. 
  4. «עכו העתיקה - דף הבית». Acre.org.il. 28. august 2012. Henta 12. oktober 2014. 
  5. E. A. Wallis Budge, An Egyptian Hieroglyphic Dictionary. London: John Murray, 1920.
  6. 6,0 6,1 6,2 Andrew Petersen (6. februar 2002). A Gazetteer of Buildings in Muslim Palestine: Volume I (British Academy Monographs in Archeology) (Pt.1) (Hardcover). British Academy. s. 68. 
  7. Jerome Murphy-O'Connor (2008). The Holy Land: An Oxford Archaeological Guide from Earliest Times to 1700. Oxford Archaeological Guides. Oxford: Oxford University Press. s. 178. ISBN 978-0-19-923666-4. Henta 22. juli 2016. 
  8. Trevor Bryce, The Routledge Handbook of The Peoples and Places of Ancient Western Asia, Routledge, 2009, s. 19 [1] Arkivert 2021-03-08 ved Wayback Machine.
  9. Burraburias II to Amenophis IV, brev nr. 2
  10. Aharoni, Yohanan (1979). The land of the Bible: a historical geography. Westminster John Knox Press. s. 144–147. ISBN 978-0-664-24266-4. Henta 12. oktober 2014. 
  11. Becking Bob (1992) The Fall of Samaria: An Historical and Archaeological Study BRILL, ISBN 90-04-09633-7 s. 31–35
  12. The Guide to Israel, Zev Vilnay, Ahiever, Jerusalem, 1972, s. 396
  13. «Acco, Ptolemais, Acre». BibelenPlaces.com. Arkivert frå originalen den 20. november 2008. Henta 20. oktober 2008. 
  14. 14,0 14,1  Smith, William, red. (1854–1857). «Ace». Dictionary of Greek and Roman Geography. London: John Murray. 
  15. «Roman Ptolemais: recent discoveries». Arkivert frå originalen 23. november 2018. Henta 23. november 2018. 
  16. 16,0 16,1 Sharon, 1997, s. 23.
  17. 17,0 17,1 17,2 Sharon, 1997, s. 24.
  18. le Strange, s.30.
  19. le Strange, s.328-329.
  20. Sharon, 1997, s. 25.
  21. 21,0 21,1 «Archeology in Israel – Acco (Acre)». Jewishmag.com. Arkivert frå originalen den 6. juni 2009. Henta 13. oktober 2014. 
  22. [Peters, Edward. The Fifth Crusade: The Chronicle of Fulcher of Chartres and Other Source Materials. The Medieavel Series. Philadelphia: University of Pennsylvania Press, 1971. (23-90, 104-105, 122-124, 149-151)]
  23. [Riley-Smith, Jonathan, University of Cambridge. “A History of the World-Object: Hedwig glass beaker”. BBC]
  24. Jonathan Riley-Smith, University of Cambridge. «A History of the World – Object : Hedwig glass beaker». BBC. Henta 13. oktober 2014. 
  25. 25,0 25,1 25,2 Sharon, 1997, s. 26.
  26. le Strange, s. 333.
  27. 27,0 27,1 Maundrell, Henry (1836). A Journey from Aleppo to Jerusalem: At Easter, A.D. 1697. S. G. Simkins. s. 90. Henta 13. oktober 2014. 
  28. 28,0 28,1 28,2 Sharon, 1997, s. 28.
  29. Sharon, 1997, s. 27.
  30. http://www.historystudies.net/Makaleler/93679403_receb.pdf
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 Rivka Spak Lissak. Acre Has Been Settled by Jews Alternately Since the 3rd Century BC.. [2]
  32. «Acre Jail Break». Britain's Small Wars. Henta 13. oktober 2014. [daud lenkje]
  33. "British Casualties In Palestine" The Times, 19. mars 1948, s. 4, nr. 51024
  34. Pappé, Ilan, The Ethnic Cleansing of Palestine (2007), s. 100
  35. «Typhoid – Biological Weapons». GlobalSecurity.org. Henta 13. oktober 2014. 
  36. «Israel: Biological Chronology». Nuclear Threat Initiative. Arkivert frå originalen den 1. oktober 2008. Henta 13. oktober 2014. 
  37. Operasjon Ben-Ami
  38. Karsh (2010), s. 268
  39. Khoury, Jack (13. oktober 2014). «Peres in Acre: In Israel There Are Many Religions, But Only One Law». Haaretz. Arkivert frå originalen den 16. oktober 2008. Henta 13. oktober 2014. 
  40. Kershner, Isabel (oktober 12, 2008). «Israeli City Divided by Sectarian Violence». New York Times. Henta 13. oktober 2014. 
  41. Izenberg, Dan (oktober 12, 2008). «Police Arrest Acre Yom Kippur driver». The Jerusalem Post. Henta 13. oktober 2014. 
  42. «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 31. desember 2009. Henta 13. oktober 2014. 
  43. http://www.cbs.gov.il/www/statistical/arabju.pdf
  44. Stern, Yoav. «For Love of Acre». Haaretz. Arkivert frå originalen den 19. oktober 2008. Henta 13. oktober 2014. 
  45. Cooperative Learning in Israel's Jewish and Arabic Schools
  46. Unearthing Acre's Ottoman roots
  47. «Baha'i Shrines Chosen as World Heritage sites». Baha'i World News Service. July 8, 2008. Arkivert frå originalen den 20. november 2008. Henta 13. oktober 2014. 
  48. Glass, Hannah (July 10, 2008). «israelske Baha'i Sites Recognized by UNESCO». Haaretz. Arkivert frå originalen 22. september 2008. Henta 13. oktober 2014. 
  49. «Bielsko-Biała – Partner Cities». copy© 2008 Urzędu Miejskiego w Bielsku-Białej. Henta 13. oktober 2014. 
  50. «La Rochelle: Twin towns». www.ville-larochelle.fr. Arkivert frå originalen 20. oktober 2017. Henta 13. oktober 2014. 
  51. «Pisa – Official Sister Cities». Comune di Pisa. Henta 13. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Akko frå Wikivoyage