Akosombo kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Akosombo kraftverk er eit vasskraftverk driven av Akosombo-demninga som demmer opp elva Volta i nærleiken av Akosombo i Ghana. Bygginga av kraftverket var ferdig i 1965. Kraftverket fekk først installert fire generatorar med 588 megawatt (MW) kapasitet til saman, og fekk i 1972 to ekstra generatorar med 324 MW kapasitet. Til saman har kraftverket i dag dermed 912 MW kapasitet.

Kapasiteten blir utnytta til å produsere rundt 5 000 kilowatt-timar i året (kWh), men dette avhenger av vêret som bestemmer vassmengda i magasinet. Ghana opplevde ein energikrise i 1998 på grunn av lågt vassnivå i magasinet til kraftverket.

Kraftverket blir drive av det statseigde selskapet Volta River Authority.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]