Aksana Mjankova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aksana Mjankova


Statsborgarskap Belarus
Fødd 28. mars 1982 (42 år)
Krychaw
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016

Aksana Mjankova (fødd 28. mars 1982) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Krytjaŭ i Kviterussland som vart kåra til olympisk meister i sleggjekasting i 2008, ein meistertittel Den internasjonale olympiske komitéen annullerte åtte år seinare, etter å ha testa dopingprøvene frå Beijing-OL på ny.

Frå 2002-sesongen deltok Mjankova i fleire av dei store internasjonale meisterskapane, utan ho makta ta seg til finale. I 2006 forbetra sitt personbeste sleggjekast med over 6,5 m til 76,86 meter. To år seinare tok ho den olympiske gullmedaljen med eit kast som målte 76,34 m, framfor Yipsi Moreno frå Cuba og med kinesiske Zhang Wenxiu på bronseplass.

OL-sesongen 2012 sette Mjankova i april personleg rekord med 78,19 m under eit stemne i Brest. Tre månader seinare forbetra ho rekorden sin til 78,69 meter, einast verdsrekordhaldar Betty Heidler hadde den gongen kasta lengre.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Etter at dopingprøvene frå OL 2008 og OL 2012 vart testa på nytt i 2016, fann ein både turinabol og anavar i prøvene til Mjankova. Den 25. november 2016 annullerte/underkjende Den internasjonale olympiske komitéen Mjankova sine prestasjonar i dei to sommarleikane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]