Akse i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein akse i matematikk er ei tallinje eller ei rett linje som er med på å definere eit koordinatsystem. Dette kan til dømes vere x-, y, eller z-aksen i eit kartesisk koordinatsystem.

Ei linje som ein lekam roterer rundt vert kalla rotasjonsakse. Ei linje som deler ein lekam i to identiske former vert kalla ein symmetriakse. Uformelt vert akse òg nytta om ei linje som er skapt av ein basisvektor i lineær algebra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«akse – matematikk» i Store norske leksikon, snl.no.