Hopp til innhald

Aksel Bu Kvaløy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aksel Bu Kvaløy


StatsborgarskapNoreg
Fødd12. august 2008 (17 år)
Idrettsjakk

Aksel Bu Kvaløy (fødd 12. august 2008) er ein norsk sjakkspelar frå Stavanger,[1] stormeister i sjakk. Han blei Internasjonal meister i sjakk (IM) i 2023 og Noregsmeister i sjakk i 2024, berre 15 år gammal. Resultatet i Noregsmeisterskapen i sjakk 2025 sikra han tittelen som Stormeister i sjakk, som han blei utnemnd til av Verdssjakkforbundet FIDE 28. oktober 2025.

Noregsmeister i sjakk 2024

[endre | endre wikiteksten]

I Noregsmeisterskapen i sjakk på Golsfjellet 28. juni-6. juli 2024 tok Aksel Bu Kvaløy 6,5 poeng på dei 9 rundane. Frode Urkedal fekk like mange poeng, men hadde hårfint svakare kvalitetspoeng, basert på kven dei to hadde møtt. Aksel Bu Kvaløy blei dermed noregsmeister i sjakk og fekk kongepokalen.[2]

Aksel Bu Kvaløy var dermed den tredje som klarte å bli noregsmeister allereie som 15-åring. Dei to andre er Simen Agdestein og Magnus Carlsen. Aksel Bu Kvaløy har allereie lenge blitt rekna som eitt av dei største talenta i norsk sjakk, med ei rad fine plasseringar i aldersbestemt sjakk.

Internasjonal meister i sjakk 2023

[endre | endre wikiteksten]

Aksel Bu Kvaløy blei Internasjonal Meister i sjakk ved å ta 5,5 av 9 i Kragerø Resort Chess International 23-27.2.2022; 5 av 9 i Fagernes Chess International 2-9.4.2023 (4,5 var nok); og 7 av 10 i Norway Chess Open i Stavanger 27.5-3.6.2023 (5,5 var nok). Han blei deretter utnemnd til Internasjonal Meister av 2023 2nd FIDE council 1. august 2023.

Stormeister i sjakk 2025

[endre | endre wikiteksten]

Aksel Bu Kvaløy kvalifiserte seg i juli 2025 for stormeister-tittelen i sjakk. Det første stormeisternappet kom i Norway Chess Open i 2023.[3] Det andre var resultatet i NM 2024, der 6,5 av 9 også var eit stormeisteresultat. Pr. 1. november 2024 klarte han kravet om eigen rating med meir enn 2500, med 2502. Det mangla dermed berre eitt tredje avgjerande stormeister-resultatet for å bli stormeister. Det kom under NM i sjakk i Bergen i juli 2025, der han tok ein andreplass med 6,5 poeng på dei 9 rundane.[4] Aksel Bu Kvaløy vart dermed 28. oktober 2025 utnemnd til den 20. norske stormeisteren i sjakk av Verdssjakkforbundet FIDE.

Aksel Bu Kvaløy er medlem av Stavanger Sjakklubb.

  1. Leendertse, Willem (6. juli 2024), «Aksel Bu Kvaløy (15) fra Stavanger er norgesmester i sjakk», NRK (på norsk bokmål), henta 28. desember 2024
  2. «Landsturneringen 2024 – dag 9 – Bergensjakk», bergensjakk.no, henta 12. juli 2024
  3. «Norway Chess Open 2023 – runde 9 – Bergensjakk», bergensjakk.no, henta 12. juli 2024
  4. «Aksel Bu Kvaløy blir Norges 20. stormester i sjakk», Sjakkforbundet (på norsk), henta 29. juli 2025

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]