Aksel Christopher Wiin-Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aksel Christopher Wiin-Nielsen (17. februar 192426. april 2010) var ein dansk meteorolog.

Han tok graden fil.dr. i 1960 og var tilknytta Joint Numerical Weather Prediction Unit i Suitland i USA frå 1959 til 1961, då han vart tilsett ved National Centre for Atmospheric Research i Boulder i USA, der han var fram til 1963. Han vart professor ved University of Michigan frå 1963 til 1971 og ved Universitetet i Bergen 1972–1974. Han var direktør for European Centre for Medium-Range Weather Forecasts i Reading i Storbritannia frå 1974 til 1980 og generalsekretær i Verdas meteorologiorganisasjon frå 1980 til 1984.

Han har ein omfattande vitskapleg produksjon, særleg innan dynamisk meteorologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]