Aksel Fossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aksel Fossen
Fødd29. november 1919
Jørpeland
Død31. august 2009 (89 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Alle verv

Aksel Fossen (29. november 191931. august 2009) var ein norsk politikar frå Strand i Rogaland. Han representerte Hordaland og ArbeidarpartietStortinget frå 1969 til 1985.

Fossen var son til ein anleggsarbeidar, og arbeidde sjølv på anlegg frå 1935 til -40. Under andre verdskrigen var han skyttar og matros i den norske handelsflåten. For innsatsen gjennom krigen vart han tildelt utmerkingar som Deltakarmedaljen, Krigsmedaljen og Haakon VIIs Frihetsmedalje. Han slutta på sjøen i 1946 og var deretter platearbeidar ved Det Norske Zinkkompani i Odda fram til 1969.

Fossen var medlem av kommunestyret i Odda i tre periodar, 1960-71, og derav varaordførar i åtte år, 1962-69. Samstundes med han var varordførar, var han formann i hamnestyret i Odda og 1964-69 formann i det kommunale elektrisitetsverket. Hausten 1969 vart han vald til stortingsrepresentant, og sidan attvald tre gongar. Den fyrste fireårsbolken var han medlem i Administrasjonskomiteen, sidan var han medlem i Industrikomiteen til han forlet Stortinget i 1985.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]