Akseli Gallen-Kallela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Akseli Gallen-Kallela
Akseli Gallen-Kallela.jpg
Akseli Gallen-Kallela på skitur
Fødd 26. april 1865
Björneborg i Storfyrstedømet Finland
Død

7. mars 1931
Stockholm i Sverige

Nasjonalitet Finsk
Felt Måleri
Sjanger portrett
Yrke kunstmålar, grafiker, illustratør, arkitekt
Kjende verk «Ainotriptyken» (1891), «Sampos forsvar» (1896), «Lemminkäinens mor» (1897), «Joukahainens hevn» (1897)

Akseli Gallen-Kallela (26. april 18657. mars 1931), fødd som Axel Waldemar Gallén i Björneborg, er ein av Finlands mest kjende kunstnarar. Kring hundreårsskiftet 1900 var han ein av hovudfigurane i den finske symbolismen. Gallen-Kallela arbeidde mykje med skuggar og lys i bileta sine og nytta ofte flammande fargar. Mest kjend er han for sine illustrasjonar til eposet Kalevala, der den gryande finske nasjonalromantikken fekk sitt høgste uttrykk.

Gumma med katt, 1885

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Axel Gallen byrja med å lage naturalistiske måleri. Han utdanna seg dels i Paris, der han mottok impulsar frå Jules Bastien-Lepage sin målarkunst. Hans fyrste viktige måleri, Gumma med katt, vart laga i den sørfinske kystbyen Salo. Det bitande realistiske uttrykket i biletet vekte mishag i samtida, i eit kunstmiljø som var van med Albert Edelfelt sine meir Düsseldorf-påverka folkelivs-skildringar. Gallen-Kallelas måleri innleia gjennombrotet for ein heilt ny, realistisk tradisjon i finsk målarkunst. Høgdepunkta i stilretninga nådde Gallen-Kallela sjølv mot slutten av 1880-åra med måleria Sårfeber og Middagsvila.

På 1890-talet vende han seg meir og meir mot symbolismen, noko ein ser i hans intensive Sibelius-portrett, samt i eit portrett av mora. Allereie tidleg hadde Gallen-Kallela interessert seg for Kalevala-motivet, som mange år seinare opptok han meir enn noko anna tema. Aino-triptyken, laga i to versjonar omkring 1890, var det fyrste meir kjende motivet kring emnet, til liks med det fantastiske Sampo smides, forma heilt etter den naturalistiske stilretninga.

Lemminkäinens moder, 1897

Etter ei vitjing i Berlin, der han heldt seg hos den kulturelle krinsen kring Edvard Munch og August Strindberg, vende Gallen-Kallela tilbake til Finland. Han busette seg i det ödsliga Ruovesi. Her gjekk han på slutten av 1890-talet over til ei strengare, stilisert form. Ein serie motiv or Kalevala vart utført i tempera på sekkestrier. Karakteristisk var det at innleiingsbiletet, Sampos försvarare (1896), fyrst vart laga som tresnitt. Deretter fylgde Lemminkäinens moder og Joukahainens hämnd. Etter å han hadde fullført desse arbeida budde Gallen-Kallela ei tid i Italia.

Til den finske paviljongen på verdsutstillinga i Paris 1900 laga han veggmåleri med kalevalamotiv, ytterlegare stilisert, som vekte internasjonal merksemd, men som det vart umogleg å take vare på. Det einaste bevarte tidlege veggmåleriet av Gallen-Kallela er Kullervo på krigsstråt, eit verk inspirert av freskar frå ungrenessansen. Etter studiar i Paris vart Gallen-Kallela del av det intellektuelle miljøet i Helsingfors, dit også mellom andre toneskaparen Jean Sibelius og poeten Eino Leino kom.

Gallen-Kallela meste kjende verk, illustrasjonane til eposet Kalevala, byrja han arbeide med frå 1925 og heldt på med livet ut. Han døydde i Stockholm på heimferd frå København. Nokre Kalevala-illustrasjonar finst som freskar på Nationalmuseet i Helsingfors.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Akseli Gallen-Kallela