Aksjonsart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Aksjonsart, etter tysk Aktionsart, er ein måte å klassifisere verb på etter kva slags type av handling verbet refererer til, med vekt på korleis handlinga er relatert til tida ho strekker seg ut over.

Aksjonsartane kan delast inn i durative og punktuelle aksjonsartar:

  • Durativ (pågåande)
    • Kontinuativ (kontinuerleg)
    • Iterativ (punktvis)
    • ...
  • Punktuell (ein gong)
    • Momentan (plutseleg)
    • Inkoativ (starte opp)
    • Transformativ (overgå i noko anna)

Vi skil mellom aksjonsart, måten handlinga går føre seg på, og aspekt, om handlinga blir avslutta eller ikkje (jf. Krifka og Bock 2002). Verb kan delast opp i ulike aksjonsartar på semantisk grunnlag, men i fleire språk, som t.d. finsk, finst det avleiingsendingar som dannar klassar av avleidde verb med same aksjonsart.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]