Hopp til innhald

Aktiv komponent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Transistorar.

Ein aktiv komponent er ein elektronisk komponent som får tilført energi frå ein energiforsyningsmodul, vert styrt av eit inngangssignal og gjev ut eit signal med større effekt enn inngangssignalet[1]. Radiorøyr, transistorar, operasjonsforsterkarar og spenningsregularar er døme på aktive element.

Dei fyrste aktive komponentane var elektronrøyr, også kalla radiorøyr. Denne teknologien vart nytta både for analog og digital elektronikk. Etter at transistoren vart tilgjengeleg gjekk bruken av røyr kraftig tilbake og i dag vert dei berre nytta til spesielle føremål, som i nokre audioforsterkarar, kraftige radiosendarar og i elektronikk som skal vera motstandsdyktig mot kjerneeksplosjonar.

Halvleiarkomponentar

[endre | endre wikiteksten]

Halvleiarar som silisium og germanium har vorte mykje nytta i transistorar og IC-ar. Dei elektriske eigenskapane åt halvleiarar kan manipulerast ved å tilsetja små mengder av andre grunnstoff som arsen og indium.

Diskrete halvleiarkomponentar

[endre | endre wikiteksten]

Aktive diskrete halvleiarkomponentar femnar om transistorar, tyristorar, triacar osb. Nokre diskrete halvleiarkomponentar, som diodar er passive.

Integrerte krinsar

[endre | endre wikiteksten]

Integrerte krinsar er ei samling med komponentar plasserte på ei silikonbrikke. Desse er alltid aktive komponentar.

Aktive analoge integrerte krinsar er typisk operasjonsforsterkarar, spenningsregulatorar, modulatorar, demodulatorar, osb. Det finst òg programmerbare analoge integrerte krinsar.

Digitale integrerte krinsar er digital elektronikk som er bygd opp av mange transistorar plasserte på same silisiumbrikke. Dei aller fleste er bygde med CMOS-teknologi. Talet på transistorar per silisiumbrikke kan vera svært høgt; ein nærmar seg 200 milliardar () transistorar per brikke[2]. Integrerte krinsar er så godt som alltid aktive. Det har rett nok vore nytta passive logiske krinsar, som diode-diode-logikk, men dei er i dag berre av historisk interesse.

Blanda teknologi vert ofte nytta som nemning på integrerte krinsar som inneheld både analoge og digitale krinsar. Typiske døme på slike krinsar er AD-omformarar og DA-omformarar, men sensorar, som til dømes akselometer, gyroar osb. har ofte innebygd noko elektronikk for å utføra enkel signalhandsaming lokalt. Desse er alltid aktive.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. W.H. Hayt og J.E. Kemmerly, Enigneering circuit analysis, McGraw-Hill, 1993.
  2. A. Shilov, TSMC charts a course to trillion-transistor chips, eyes 1nm monolithic chips with 200 billion transistors, Toms Hardware, 27. desember 2023.