Aktiv skøyteklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Aktiv Skøyteklubb (ASK) er eit norsk idrettslag som held til i Oslo og har Valle Hovin kunstisbane som heimebane.

Aktiv Skøyteklubb er stifta som Arbeidernes Skøiteklub i 1924, parallelt med Arbeidernes Idrettsforbund som vart stifta same år. Klubben var leiande på skøyter i arbeidaridretten i hovudstaden på 1920-talet og fekk m.a. Hans Engnestangen som medlem då han gjekk over frå Brandbu Idrettsforening i 1928. Han sette norske arbeidarrekordar på alle distansar som medlem av klubben.

På 1930-talet ville klubben satse på sykkel og skifta namn til Arbeidernes Cykleklubb i 1929. Dermed overlet dei skøytehegemoniet på arbeidarsida i Oslo til andre klubbar. I siste halvdel av 30-talet skifta prioriteringane att og i 1935 tok dei attende det gamle namnet sitt i ny form, Arbeidernes Skøyteklubb. Men dei fekk ikkje att den gamle posisjonen med ein gong. Etter krigen hadde dei òg dei borgarlege klubbane å konkurrere med på grunn av forbundssamlinga.

For å kunne konkurrere på like fot med dei borgarlege om å få arrangere inntektsbringande storstemne måtte dei kunne skilte med eigne toppløparar, og det fekk dei først i form av Arne Johansen, som tok bronse på 500 m i OL 1952. Året etter kom russar-epoken, som med eitt fekk norsk skøytesport til å verke nokså akterutsegld. Men i Knut Johannesen fekk ASK fram ein ny storløpar som hadde talent og vilje nok til å ta på seg det treningsarbeidet som måtte til for å kunne svare når raske russarar skaffa seg store forsprang føre 10 000 m.

ASK var no etablert som storklubb og fullverdig medlem av Oslo-alliansen som sto ansvarleg for og fekk inntektene av alle storstemna i hovudstaden. Talent frå andre distrikt som Sigrid Sundby, Ivar Eriksen og Per Willy Guttormsen melde seg inn i klubben og blei populære og framgangsrike utøvarar.

Ut på 70-talet var skøytemarknaden i nedgang og det var teikn til at det ikkje lenger var rom for 3 skøyteklubbar i hovudstaden. For å sikre seg mot å gå tapande ut av denne prosessen vedtok klubben i 1978 etter lange og harde diskusjonar å skifte namn frå Arbeidernes til det meir nøytrale Ask Skøyteklubb. Då den store krisa kom i 1986, var det òg ganske raskt stort sett forbi med dei to andre som leverandørar av talent til skøyteeliten, og Ask var den som sto att og kunne halde skøytesporten i hevd i hovudstaden. På denne tida var Geir Karlstad og Petter Andersen to framtredande toppløparar, som òg var rekruttert frå andre klubbar.

På grunn av uheldige økonomiske omstende måtte klubben ha ein omstart i 2001 og fekk då sitt noverande namn, Aktiv Skøyteklubb. Sidan det har klubben drive godt og får på nytt fram eigne talent med Allan Dahl Johansson som det fremste.

Offisiell nettstad[endre | endre wikiteksten]

http://www.aktivsk.no/