Akutaq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frosen akutaq laga med bringebær og blåbær.

Akutaq (alaskayupik, yugtunskrift ᐊᑯᑕᖅ) er ein matrett frå vestre Alaska og nordlege Canada. Ordet tyder 'noko blanda'.[1] Tradisjonelt blei retten laga av piska feitt som ein blanda med bær, grøne blad eller kokt, most fisk.

Tradisjonelle feitt ein har brukt til å laga akutaq er feitt eller talg frå sel, karibu (rein), fisk eller fugl. I nyare tid har ein også teke i bruk kommersielle feittprodukt som Crisco. Tradisjonelle tilsetjingar er arktiske bær som tranebær, prydbringebær, krekebær, blåbær eller molte eller blad av til dømes syre (Rumex arcticus). Andre moglege tilsetningar er vatn, snø eller fisk. Nyare ingrediensar er sukker, mjølk, egg, rosiner, innkjøpte bær, hermetisk frukt eller potetstappe.

Den tradisjonelle retten er svært næringsrik ettersom ein blandar feitt med høgt A- og D-vitamininnhald med ingrediensar som inneheld mykje C- og E-vitaminar.[1]

Akutaq laga med snø blir kalla snø-akutaq (snow akutaq). På engelsk er retten også kjend som Alaskan ice cream, Eskimo ice cream, Indian ice cream og Native ice cream.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Lesson One: Words». Alaskool. Arkivert frå originalen den 6 April 2007. Henta 10. mars 2007.