Akvariefisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skalare er ein populær ciklideart som opphavleg stammar frå Amazonas.

Akvariefisk er fisk som vert heldt i private akvarium. Dei fleste av desse er ferskvassfisk, men det finst òg brakk- og saltvass-akvaristar. Som regel vert akvariefisk vald ut frå fargar, mønster og form, men mange akvaristar er òg opptekne av dyreåtferd.

Val av akvariefisk[endre | endre wikiteksten]

Når ein vel ut fisk til eit akvarium er det ei rekke faktorar ein bør ta omsyn til. For det første må fiskane trivast i nokonlunde dei same fysiske føresetnadane, det vil seie temperatur, mineral- og saltinnhald osb. Ein bør òg ta omsyn til om ein er i stand til å dekka næringsbehovet til fisken; mange artar krev levandefor for å trivast eller overleva. Ein tredje faktor er økologien til dei einskilde fiskeartane; det er t.d. lurt å syta for at dei ikkje konkurrerer om dei same områda i akvariet ved å velja nokre botnfisk og nokre overflateartar. Det kan òg vera ein fordel å ikkje halda aggressive rovfisk saman med små tetra.

Ein faktor mange gløymer er plassbehovet til fisken. Det er dyreplageri å halda for stor fisk i for små akvarium. Kor mykje plass ein einskildfisk må ha varierer frå art til art, små fisk er naturleg nok vanlegvis mindre plasskrevjande enn store.

Vanlege akvariefisk i ferskvassakvarium[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Akvaforum, stor kunnskapsbase om akvariefisk, planter og virvellause dyr.