Al-Ahsa guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Ahsa guvernement
الأحساء
guvernement
Land  Saudi-Arabia
Del av Guvernement i Saudi-Arabia
Koordinatar 25°23′N 49°36′E / 25.383°N 49.600°E / 25.383; 49.600
Areal 534 000 km²
Folketal 1 063 112  (2010)
Folketettleik 2 / km²
Leiar Badr Bin Muhammed Bin Abdullah Bin Jalawi Al Saud
Kart
Al-Ahsa guvernement
25°23′00″N 49°36′00″E / 25.383333333333°N 49.6°E / 25.383333333333; 49.6
Wikimedia Commons: Al-Ahsa Governorate

Al-Ahsa (arabisk الأحساء, al-Aḥsāʾ) er det største guvernementet i Austprovinsen i Saudi-Arabia. Det er kalla opp etter Al-Ahsa-oasen. Al-Ahsa er òg eit anna namn på den største byen i guvernementet, Hofuf. På klassisk arabisk tyder Ahsa lyden av vatn under jorda. Ein av dei største oasane i verda ligg her og dadlane her i frå skal vere kjend over heile verda. Oasen ligg kring 60 km innover i landet frå Persiabukta. Alle dei urbane områda ligg i den tradisjonelle oasen Al-Hasa. I tillegg til oasen omfattar guvernementet òg ein stor del av ørkenen Rub Al Kali eller «Den tomme fjerdedelen». I denne ørkenen ligg dei største oljefelta i verda, og han knyt Saudi-Arabia til Qatar, Dei sameinte arabiske emirata og Oman. Folketalet i guvernementet er over 1 063 112 (2010). Tidlegare høyrte Al-Ahsa til den historiske regionen kalla Bahrain, i lag med Qatif og dagens Bahrain.

Ein del av Kong Faisal universitet, som vart grunnlagd i 1975, ligg i Al-Ahsa med fakultet for jordbruk, veterinærmedisin og dyreressursar, medan dei andre fakulteta ligg i Dammam.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Ahsa har vore busett sidan førhistorisk tid fordi området har vore rikt på vatn.

I 899 kom Al-Ahsa under leiaren til Qarmat, Abu-Sa'id Jannabi, sin kontroll og erklærte sjølvstende frå abbasidane i Bagdad. Hovudstaden var Al-Mu'miniya (nær dagens Hofuf). Rundt år 1000 var Al-Ahsa blant dei ti største byane på jorda, med 110 000 innbyggjarar.[1] Den qarmatiske staten Al-Ahsa vart styrta i 1077 av ujunidane. I 1238 tok Usfuridedynastiet over regionen Al-Ahsa og Al-Qatif, men dei vart styrta av jarwanidane i 1383. I 1440 tok jabridane over Al-Ahsa, Qatif, Bahrain og Kishøya, og strekte makta si til det austlege Nejd. I 1521 kom områder under Muntafiq-stamma frå det sørlege Irak, som styrte over Al-Ahsa på vegner av Det osmanske riket. Osmanarane stasjonerte garnisonane sine i regionen. Osmanarane vart drivne ut av området av Banu Khalid-stamma i 1670. Dei gjorde Al-Mubarraz til hovudstaden sin. I 1795 erobra saudiske soldatar regionen under grunnlegginga av Den første saudiarabiske staten. Området vart teken på ny av osmansk-egyptiske styrkar i 1818, då Den første saudiarabiske staten vart styrta. Den lokale stamma Banu Khalid fekk då sjølvstyre. I 1830 kom området under Den andre saudiarabiske staten, men området vart tapt igjen i 1872 til Det osmanske riket. Denne gongen hamna området direkte under styret frå Bagdad i staden for Banu Khalid-stamma. Kong Abdulaziz Al Saud erobra Al-Ahsa-oasen i 1913, og gjorde det ein del av Kongedømet Najd. Dette vart anerkjent i Sèvres-avtalen som vart signert i 1920 under den offisielle delinga av Det osmanske riket. Heile området vart ein del av Saudi-Arabia i 1932.

I 1930-åra vart det funne store petroleumsfunn nær Dammam, som førte til rask modernisering av regionen. Tidleg i 1960-åra nådde Al-Ahsa ein oljeproduksjon på 1 million fat per dag.

Største byar[endre | endre wikiteksten]

  • Al-Hofuf er hovudstaden i Al-Ahsa-provinsen og har mange tradisjonelle marknader.
  • Al-Mubarraz (òg skrive Al-Mobarraz), arabisk المبرز, er ein av dei to største byane i guvernementet.
  • Al-Oyoon (òg skrive Al-Uyoon eller Al-Oyoun)
  • Al-Omran (òg skrive Al-Umran, arabisk العمران) har eit areal på meir enn 6 km² og eit folketal på meir enn 49 000 (1997). Han består av kring 17 landsbyar, inkludert Al-Hutah, Al-Rumailah, Nord-Al-Omran, Sør-Al-Omran, Ghomsi, Al-Ulayyah, Abu Al-Hasa, Abu Thur, Al-Sayayrah, Al-Suwydrah, Al-Aramyah, Fariq Al-Raml, Wasit, Al- Shuwaikiah, Al-Sabaykh og Al-Nakheel.
  • Shaybah (oljeby i Den tomme fjerdedelen)

Landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Al-Ahsa er eit stort område med mange landsbyar og småbyar. Landsbyane er normalt grupperte i to hovudgrupper etter plasseringa deira kring oasen.

Austlege landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Somme av landsbyane aust for oasen er (folketal frå 1997):

Nordlege landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Somme av landsbyane nord for oasen er:

Andre små landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Al-Ahsa har eit tørt, tropisk klima, med fem sommarmånader og ein relativt kjølig vinter. Her finst rike undervasskjelder, som gjer at ein kan drive ein del jordbruk i området. Likevel slit Al-Ahsa med tonnevis av sand som vinden fører med seg og set frå seg over land. For å motverke dette har staten planta tre for å hindre vindboren sand frå å øydeleggje jordbruksområda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 5. juni 2013, henta 8. mars 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]