Al-Amarah
Amarah | |||
العمارة | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Maysan | ||
Høgd | 12 moh. | ||
Folketal | 511 542 (2012) | ||
Grunnlagd | 1860 | ||
![]() Al-Amarah | |||
Wikimedia Commons: Amarah | |||
Amarah (arabisk العمارة, Al ‘Amārah, òg skrive Amara) er ein by i det søraustlege Irak ved breidda av Tigris sør for Bagdad, kring 50 km frå grensa til Iran. Han ligg heilt nord i myrlandskapet mellom Tigris og Eufrat.[1]
Han er hovudsakleg busett av sjiamuslimar, og hadde kring 340 000 innbyggjarar i 2002 og 420 000 i 2005.[2] Byen er det administrative senteret i guvernementet Maysan. Staden er eit stort handelssenter for det kringliggande jordbruksområdet, og er kjend for vevevarer og sølvarbeid.
Klima[endre | endre wikiteksten]
Amarah har eit heitt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med ekstremt varme og tørre somrar og kjølige, våtare vintrar.
Klimadata for Amarah | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Normal maks. temp. °C | 16.5 | 19.6 | 24.4 | 31.3 | 38.3 | 43.1 | 45.5 | 44.9 | 42.0 | 35.0 | 25.8 | 18.5 | 32,08 |
Normal min. temp. °C | 6.2 | 8.1 | 12.0 | 17.5 | 23.2 | 26.6 | 28.5 | 27.6 | 23.6 | 18.3 | 12.0 | 7.8 | 6,2 |
Nedbør (mm) | 37.0 | 25.1 | 33.6 | 14.8 | 3.9 | 0.0 | 0.0 | 0.0 | 0.7 | 6.0 | 19.8 | 36.5 |
|
Normal mengd nedbørdagar | 8 | 6 | 7 | 6 | 4 | 0 | 0 | 0 | 0 | 3 | 5 | 6 | 45 |
Kjelde: World Meteorological Organisation (UN) [3] |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Al-Amarah» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Al 'Amarah». Encarta Online Encyclopedia. Microsoft. 2001. Henta 27. februar 2021.
- ↑ Kjeilen, Tore. «Al Amarah». Encyclopaedia of the Orient. Arkivert frå originalen den 21. oktober 2006. Henta 27. februar 2021.
- ↑ «World Weather Information Service – Amarah». United Nations. Henta 1. januar 2011.