Al-Asharah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°55′13″N 40°33′34″E
Al-Asharah
العشارة
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Deir ez-Zor guvernement
Distrikt Mayadin-distriktet
Nahiyah Al-Asharah
Koordinatar 34°55′13″N 40°33′34″E
Folketal 17 537 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Al-Asharah (arabisk العشارة, òg skrive al-Ashareh eller Esharah) er ein by aust i Syria i Deir ez-Zor guvernement, langs Eufrat, sør for Deir ez-Zor. Av stader i nærleiken finn ein al-Quriyah i nordaust, Makhan og Mayadin i nord, Suwaydan Jazirah i søraust og Dablan i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Asharah eit folketal på 17 537 i 2004. Han er det administrative setet i ein nahiyah («underdistrikt») som består av sju busetnader med eit samla folketal på 96 001 i 2004. Al-Asharah er den tredje største staden i nahiyah.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Asharah er bygt over den gamle arameisk-assyriske busetnaden Terqa.[3][4] Ein stele frå 886 fvt. til ære for den sigrande assyriske kongen Tukulti-Ninurta II over aramearane, vart funnen i al-Asharah. Stelen står i dag i Nasjonalmuseet i Aleppo.[3] Terqa var hovudstaden i det assyriske kongedømet Khana og utvikla seg fram til slutten av bronsealderen då nedgangstida byrja. Utgravingar i al-Asharah har synt spor av at Terga bestod av urbane institusjonar og at innbyggjarane hadde utnytta jorda i området til økonomisk fordel.[4]

Midt på 1800-talet vart det nemnt av Bombay Geographic Society at al-Asharah var ein «liten by» som bestod av ei uorganisert gruppe arabiske hytter og ein folkesetnad med tradisjonar som tydde på at staden var særs gammal.[5] Frå kring den tida til oppløysinga av Det osmanske riket i 1917, tente al-Asharah som senteret i ein kaza («distrikt»), med same namn og som var ein del av det større Zor sanjak. Kazaen hadde to nawahi: al-Asharah og al-Busayrah.[6]

I 1920 vart det halde eit møte mellom embetsmenn og offiserar i Sharif-armeen og det gryande kongedømet Syria i al-Asharah leia av Emir Faisal. Her forhandla ein over grensene mellom Syria og Irak og det vart fastsett at Abu Kamal skulle bli verande ein del av provinsen Deir ez-Zor i Syria.[7]

Tidleg i 1960-åra vart al-Asharah skildra som ein liten landsby bygt på ein kunstig haug der Terqa stod.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Deir az-Zawr guvernement. (arabisk)
  2. Smith, 1841, s. 174.
  3. 3,0 3,1 Nelles Guide, 1999, s. 127.
  4. 4,0 4,1 Kuhne, s. 134.
  5. Bombay Geographic Society, 1844, s. 180.
  6. Zor Mutasarrıflığı. Tarih ve Medeniyet. 2009.
  7. Rush, s. 263.
  8. Boulanger, 1966, s. 490.