Al-Awja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om byen i Irak. For byen i Palestina, sjå Jeriko.
Al-Awja
Owja,العوجا
by
Land Flag of Iraq.svg Irak
guvernement Salah ad Din guvernement
Folketal 29 000 (2005)

Al-Awja
34°31′39″ N 43°42′33″ E

Al-Awja (arabisk العوجا), òg kalla Owja, Al-Auja eller Al-Ouja, er ein liten by 13 km sør for Tikrit i Irak ved vestbreidda i Tigris.

Det var fødestaden til den tidlegare irakiske presidenten Saddam Hussein i 1937 og heimstaden til mange provinsleiarar i Irak i tida han regjerte. Hussein vart gravlagd i byen like før soloppgang 31. desember 2006, mindre enn 24 timar etter han vart avretta for brot på menneskerettar i Irak.

Under kampar i det andre slaget ved Tikrit vart grava til Saddam Hussein jamna med jorda av IS. Etter at irakiske styrkar tok kontroll over byen att, sette sjia-militsar opp sine eigne kjennemerke rundt om i byen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]