Al-Dana i Syria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 36°12′52″N 36°46′11″E
al-Dana
الدانا
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Idlib
Distrikt Harem
Nahiyah Al-Dana
Høgd 428 moh
Koordinatar 36°12′52″N 36°46′11″E
Folketal 14 208 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al-Dana, Syria

Al-Dana (arabisk الدانا) er ein by nord i Syria i Idlib guvernement, nord for Idlib, 38 kilometer vest for Aleppo,[2] og like aust for grensa til Tyrkia. Av stader i nærleiken finn ein Sarmada i sørvest, Tell al-Karamah i sør, Atarib i søraust, Turmanin i nordaust, Salwah i nord og Qah i nordvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Dana eit folketal på 14 208 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i al-Dana nahiyah som består av tretten landsbyar med eit samla folketal på 60 058.[1] Al-Dana vart kjend for indigofargestoffindustrien som sidan har forsvunne.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Dana er identifisert som den arameiske byen «Adennu» eller «Adinnu».[2][4] Adennu var den første arameiske byen som vart erobra av assyrarane under felttoget til Shalmaneser III mot Syria i 853 fvt.[2] Byen vart erobra utan motstand.[4]

Som ein del av dei såkalla Daudebyane har al-Dana og området rundt fleire ruinar frå antikken, datert til 200- og 300-talet fvt. Ein godt bevart romersk pyramideforma grav, laga av gul stein og utførlege utskjeringar, ligg nord for sentrum av den moderne byen.[5] Ein romersk port og dørforheng til fleire andre romerske byggverk er òg bevart.[6]

Seint på 1000-talet vart al-Dana og nærliggande Sarmada plyndra av krossfararane.[7] I 1220-åra vitja den syrisk geografen Yaqut al-Hamawi al-Dana og noterte at han låg i sida av Libanonfjella nær Aleppo i al-'Awasim-området. Han skildra landsbyen som ein «særs gammal stad» i nærleiken av ein «stor plattform, vid som ein hesteløpsbane, skoren inn i åssida, firkanta og flat. I senteret låg ein kuppel med ei grav under.»[8]

Midt på 1800-talet vitja al-Dana av den engelske turisten James Silk Buckingham som skreiv at landsbyen vart bygd i åssida av ei klippe i midten av ei sletta. Dei fleste husa vart bygd frå ruinar av eldre strukturar og Buckingham meinte å kunne sjå at al-Dana tidlegare hadde vore ein viktig busetnad.[6] Kring 500 muslimar budde i landsbyen og heldt gudstenester i ein liten moské, med ein minaret og seks kuplar.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 Lipinsky, s. 259.
  3. Balfour-Paul, 2012, s. 99.
  4. 4,0 4,1 Yamada, s. 154.
  5. Darke, 2010, s. 160.
  6. 6,0 6,1 Buckingham, s. 573.
  7. Davis, s. 334.
  8. le Strange, 1890, s. 436.
  9. Buckingham, s. 574.