Al-Faw-halvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Faw-halvøya
halvøy
Faw-halvøya i Irak
Land  Irak
Koordinatar 29°58′28″N 48°27′51″E / 29.97444°N 48.46417°E / 29.97444; 48.46417
Kart
Al-Faw-halvøya
29°58′28″N 48°27′51″E / 29.974444444444°N 48.464166666667°E / 29.974444444444; 48.464166666667

Faw-halvøya (arabisk شبه جزيرة الفاو, og transkribert som Fao eller Fawr) er eit myrlendt område ved Persiabukta heilt søraust i Irak, mellom dei søraustlege byane Basra (Irak) og Abadan (Iran).

Her ligg fleire viktige oljeinstallasjonar, mellom anna dei to største oljeterminalane i Irak: Khor al-Amaya og Mina al-Bakr. Her kontrollerer dei innløpet til vassvegen Shatt al-Arab (og dermed tilkomsten til hamna i Basra).

Den einaste større busetnaden på halvøya er Al-Faw, ein liten fiskeby, der den viktigaste marinebasen i Irak låg under regimet til Saddam Hussein. Halvøya er elles utbygd med nokre få sivile bygg anna enn fiskarhytter.

Iran-Irak-krigen[endre | endre wikiteksten]

På grunn av den strategiske plasseringa, føregjekk det harde kampar på al-Faw under den iransk-irakiske krigen i 1980-åra. Den 11. februar 1986 utnytta iranarane ei svak stilling i det irakiske forsvaret lengst sør på halvøya og utførte eit overraskande åtak mot dei irakiske soldatane som forsvarte al-Faw. Dei irakiske soldatane som hadde ansvaret for forsvaret bestod hovudsakleg dårleg trente soldatar frå den irakiske folkehæren, som kollapsa då den iranske Pasdaran (revolusjonsgarden) brått gjekk til åtak.

Dette var første gongen iranarane hadde klart å invadere og okkupere irakisk territorium. Iranarane slo attende fleire irakiske motåtak frå den republikanske garden og klarte å halde fotfeste.

Okkupasjonen av al-Faw gjorde at Basra stod i fare for å bli angripen. Iranarane brukte òg halvøya til å skyte ut silkeormmissil mot skips- og oljeterminalar i Persiabukta, mellom anna mot Kuwait, som støtta Irak gjennom denne krigen.

Den 17. april 1988 sette den irakiske hæren i gang ein storoperasjon kalla Ramadan Mubarak for å få iranarane bort frå halvøya. Irakarane bestod av godt over 100 000 soldatar, medan iranarane då hadde 15 000 Basij-soldatar på staden.[1]

Ved hjelp av nervegassen sarin[2], artilleri- og luftåtak, klarte irakarane til slutt å drive iranarane bort frå halvøya etter 35 timar, og med mykje av det iranske utstyret framleis intakt. Hendinga vart markert som ein offisiell nasjonaldag under regimet til Saddam Hussein.

Britisk og amerikansk okkupasjon[endre | endre wikiteksten]

Gulfkrigen i 1991 vart utkjempa sør og vest for al-Faw, men militærinstallasjonane på øya vart utsett for kraftig bombardement av dei allierte styrkane under konflikten. Dei allierte styrkane klarte å stoppe all skipsaktiviteten til Irak og gjorde dermed tilkomsten til Shatt al-Arab og Persiabukta unyttig.

Halvøya var eit av hovudmåla til koalisjonsstyrkane under invasjonen av Irak i 2003, som involverte britiske, amerikanske og polske soldatar. Styrrkar frå Royal Marines, U.S. Marines og polske GROMgjekk til eit amfibisk åtak frå sjøen på halvøya.[3] Målet var å sikre hamnebyen Umm Qasr slik at ein kunne få inn humanitære varer og sikre viktige oljeinstallasjonar i området før dei vart saboterte av tilbaketrekkande irakiske styrkar. Mina al-Bakr oljeterminal vart erobra amerikanske styrkar.[4] Khor al-Amaya oljeterminal vart kapra av polske GROM-soldatar.[4] Halvøya falt raskt med minimal irakisk motstand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pollack, Kenneth M. (2004). arabarar at war: military effectiveness, 1948–1991. University of Nebraska Press. s. 225. ISBN 0-8032-8783-6. 
  2. Harris, Shane; Matthew M. Aid (27. april 2018), Exclusive: CIA Files Prove America Helped Saddam as He Gassed Iran, Foreign Policy, arkivert frå originalen den 27. april 2018, henta 27. april 2018 
  3. Operations in Iraq: Lessons for the Future, The Al Faw Peninsula Operation, Ministry of Defence/National Archives 
  4. 4,0 4,1 Neville, Leigh (2008). Special Operations Forces in Iraq. Oxford: Osprey Publishing. s. 24. ISBN 978-1-84603-357-5.