Al-Hallaniyah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Hallaniyah
øy
Land  Oman
Høgd 501 moh.
Koordinatar 17°30′N 56°01′E / 17.500°N 56.017°E / 17.500; 56.017
Areal 56 km²
Kart
Al-Hallaniyah
17°30′23″N 56°01′26″E / 17.506388888889°N 56.023888888889°E / 17.506388888889; 56.023888888889

Al Hallaniyah ( الحلانية) er den største og einaste busette av Khuriya Muriya-øyane i Oman. Ho ligg i midten av gruppa, åtte kilometer aust for Al-Sawda, den nærmaste øya, og den nest største øya i gruppa. Øya har eit areal på 56 km². Den einaste landsbyen på øya ligg på den flate vestsida, med 100-150 innbyggjarar. Ein kan nå øya med båt eller småfly. Det ligg ei lita flystripe nær landsbyen.

Øya er generelt kupert og naken, utanom somme tamarisktre og noko gras på austsida. Den sentrale delen av øya består av ein granitttindar som ligg tett ved kvarandre. Den høgaste av desse er 495 moh.

Aust- og vestsida av øya endar i relativt låge nes. Ras al Hallaniyah er det nordlege neset på øya og er ei høg klippe på 501 moh. Klippene på neset stupar bratt ned i havet.

Innbyggjarane nyttar båtar til å vitje dei andre øyane i gruppa for å fangle fuglar og hente egg. Anna enn dette er hovudnæringa deira fiske. Innbyggjarane talar jibbali, som er eit utryddingstruga språk.[1]Under monsunen frå midten av mai til midten av september, kjem det kaldt, næringsrikt vatn frå djupnene til overflata og fører med seg eit rikt fiskeliv. Sjøen er ofte grov på denne tida året og vêret er vindfult og tåkete.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]