Al-Hasa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 25°15′17″N 49°22′19″E
Al-Hasa
oase
Jabal Al Qara Cave - Al Hassa, Saudi Arabia ജബൽ അൽ ഖാറ ഗുഹ, അൽ ഹസ, സൗദി അറേബ്യ 12.JPG
Qara ligg 16 km aust for Hofuf
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Koordinatar 25°15′17″N 49°22′19″E
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg

Al Ahsa, El Hasa eller Hadjar (arabisk الأحساء al-Aḥsāʾ) er ein tradisjonell oaseregion aust i Saudi-Arabia. Han har gjeve namn til Al-Ahsa guvernement, som dekkjer det meste av Austprovinsen. Oasen ligg kring 60 km frå kysten av Persiabukta.

Al-Ahsa er ein del av regionen som historisk vart kalla Al Bahrain i Aust-Arabia, som omfatta austkysten av Den arabiske halvøya ned til grensa til Oman, og øyane Awaløyane (dagens Bahrain). Historisk sett var Al Ahsa var hovudbyen i Al Bahrain-provinsen, der dei fleste innbyggjarane budde.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Ahsa har vore busett sidan førhistorisk tid og har vore rikt på vatn i ein elles så tørr region.[1] Naturleg fersvasskjelder har kome til overflata i oasar i regionen i tusenvis av år, og menneske har slått seg ned og dyrka jorda her (særleg daddelpalmar). I nyar tid har Al-Ahsa-oasen vore nominert til eit av dei sju underverka i verda.

Den tidlege historia følgjer historia til Aust-Arabia. I 899 evt. kom regionen under kontrollen til qarmatane som var leia av Abu Tahir Al-Jannabi,[2] og vart erklært sjølvstendig frå Abbaside-kalifatet i Bagdad. Hovudstaden var al-Mu'miniya nær dagens Hofuf. Kring 1000 var Al Hasa den niande største regionen i verda med over 100 000 innbyggarar.[3] I 1077 vart den qarmatiske staten Al-Ahsa styrta av ujunidane. Al Ahsa hamna så under Bahrain-dynastiet til usfuridane, etterfølgd av slektningane deira , jabridane, som vart ein av dei mektigaste familiane i regionen og tok attende øyane i Bahrain frå fyrstane av Hormuz. Den siste Jabrid-herskaren av Bahrain var Muqrin ibn Zamil.

I 1521 erobra Det portugisiske imperiet Awaløyane (øyane som utgjer dagens Bahrain) frå Jabrid-herskaren Migrin ibn Zamil, som fall i slaget.[4] Jabridane kjempa for å halde posisjonen sin på fastlandet mot osmanarane og deira allierte, Muntafiq. I 1550 kom Al-Ahsa og nærliggande Qatif under Det osmanske riket og sultan Suleiman I.[5] Al-Ahsa var nominelt Lahsa eyalet i det osmanske administrasjonssystemet, og var vanlegvis ein vasall under porten. Qatif vart seinare tapt til portugisarane.

Osmanarane vart drivne ut av Al-Ahsa i 1670,[5] og regionen kom under styret til høvdingane av Banu Khalid-stamma.

Al-Ahsa, og Qatif, vart innlemma i den wahhabistiske første saudiarabiske staten i 1795, men kom inn under osmansk kontroll att i 1818 då Muhammed Ali av Egypt gav ordre om invasjon. Banu Khalid vart igjen sett inn som herskarar i regionen, men i 1830, tok Den andre saudiarabiske staten over regionen att.

Direkte osmansk styre vart sett inn att i 1871[5] og Al-Ahsa vart først plassert under Bagdad vilayet og sidan i eit underdistrikt til Bagdad, Basra vilayet i 1875. I 1913 annekterte Ibn Saud, grunnleggjaren av det moderne Saudi-Arabia, Al-Ahsa og Qatif til kongedømet hans Najd.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]