Al-Mazraa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°46′58″N 36°29′0″E
Al-Mazraa
المزرعة
landsby
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Al-Suwayda guvernement
Distrikt As-Suwayda-distriktet
Nahiyah Al-Mazraa
Koordinatar 32°46′58″N 36°29′0″E
Folketal 2 454 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Al-Mazraa (arabisk المزرعة, òg skrive al-Mazra'a eller al-Mezra'ah) er ein landsby sør i Syria i al-Suwayda guvernement, 12 kilometer nordvest for al-Suwayda. Av stader i nærleiken finn ein al-Hirak, Khirbet Ghazaleh og Da'el i vest og Umm Walad og Bosra i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Mazraa eit folketal på 2 596 i 2004. Byen er òg det administrative senteret i al-Mazraa nahiyah i al-Suwayda-distriktet som består av 12 landsbyar med eit samla folketal på 16 627.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Midt på 1800-talet vart al-Mazraa skildra av den reisande Josias Leslie Porter som ein «liten ruinert landsby ... som har ei stor fontene.»[2] Han var busett av Ghawr-arabarar som slo leir på staden.[3]

Under drusaropprøret mot det osmanske styret og verneplikta i den osmanske hæren, leia den osmanske generalen Mustafa Pasha armeen sin til al-Mazraa der han møtte styrkane til Ismail al-Atrash, leiaren for drusarane. Sjølv om mennene til Atrash påførte armeen til Mustafa Pasha store tap, klarte osmanarane til slutt å erobre byen etter å ha fått forsterkingar. I oktober 1862 forhandla al-Atrash så ein avtale med dei osmanske styresmaktene, der al-Atrash skulle skattlegge drusarane og beduinane i Hauran på vegne av styresmaktene mot at drusarar sleppte unna verneplikta.[4]

Byen var åstad for slaget ved al-Mazraa under det store syriske opprøret mot den franske okkupasjonen. Franske styrkar, under general Roger Michaud, bestod av fem bataljonar infanteri, tre skvadronar kavaleri, i tillegg til pansra kjøretøy og artilleri. Dei vart angripen den 2. august 1925 av 500 drusarar og beduinar til hest, leia av sultan Pasha al-Atrash. Opprørarane tvang den franske armeen i full retrett og franskmennene gjekk på eit knusande nederlag. Sigeren til al-Mazraa var eit vendepunkt under opprøret, og inspirerte syriske nasjonalistar i hovudstaden og på landsbygda til å slå seg saman med drusarane i opprøret deira.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Al-Suwayda guvernement. (arabisk)
  2. Porter, 1855, s. 212.
  3. Socin, 1912, s. 174.
  4. Weismann, 2005, s. 154.
  5. Provence, 2005, s. 63-64.