Hopp til innhald

Al-Mukharram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Mukharram
المخرم, al-Fawqani
landsby
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Al-Mukharram
Nahiyah Al-Mukharram
Høgd 600 moh.
Koordinatar 34°49′N 37°5′E / 34.817°N 37.083°E / 34.817; 37.083
Folketal 6 202  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Al-Mukharram
34°49′00″N 37°05′00″E / 34.816666666667°N 37.083333333333°E / 34.816666666667; 37.083333333333
Kart som viser Al-Mukharram.
Kart som viser Al-Mukharram.
Kart som viser Al-Mukharram.

Al-Mukharram (arabisk المخرم), òg kalla Mukharram al-Fawqani (arabisk المخرم الفوقاني eller Makhem Fuqani) er ein liten by sentralt i Syria, hovudstaden i al-Mukharram-distriktet i Homs guvernement, 45 kilometer nordaust for Homs. Av stader i nærleiken finn ein Umm al-Amad, Ayn al-Niser og al-Mishirfeh i vest, al-Mukharram al-Tahtani i nordaust, Salamiyah i nord, Barri Sharqi i nordaust, Jubb al-Jarrah og Masudiyah i aust, Furqlus i sør og al-Haraki i sørvest.

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Mukharram eit folketal på 6 202 i 2004. Han er det administrative senteret og den største staden i al-Mukharram nahiyah («underdistrikt») som består av 30 stader med eit samla folketal på 32 447 i 2004.[1] Innbyggjarar i al-Mukharram og stadane i distriktet er hovudsakleg alawittar,[2] særleg frå Khayyatin-folket.[3][4]

I 1838 vart al-Mukharram klassifisert som ein khirba («ruinert» eller «fråflytta» landsby) i distriktet Salamiyah.[5] Den moderne byen vart grunnlagd i 1882, seint under osmansk styre, men innbyggjarane levde eit hardt liv i det halvtørre området. Al-Mukharram er spreidd over eit stort område i Den syriske ørkenen og hovudnæringa er dyrking av oliven og mandlar.[6] Sidan 2010 har det blitt halde ein årleg Mandel-festival[7]

I 1960 var al-Mukharram framleis ein fattig landsby busett av alawittar som arbeidde for landeigarar frå Homs. Under desse tilhøva gav den syriske hæren dei eit attraktivt alternativ som kunne betre tilhøva deira.[2] Forskjellige folk frå byen fekk høge stillingar i det syriske forsvaret og tryggleiksapparatet, inkludert Muhammed Umran som var tidlegare forsvarsminister (tidleg 1966).[8] Faren hans hadde vore ein religiøs shaykh og ein lokal leiar i byen. Andre kjende syrarar frå al-Mukharram er Ahmed Said Salih, sjef for det politiske tryggleiksapparatet (1970-1987) og så vara for innanriksminsiteren, Adnan Badr Hassan som tok over stillinga til Salih (1987-2002),[9] og Abd al-Karim al-Razzuq som seint i 1970-åra var kommandant for missil-korpset og luftforsvarsstyrkane.[10]

I 1968 vart al-Mukharram hovudstad i distriktet med same namn, og overtok denne posisjonen etter Jubb al-Jarrah.[6] Sjølv om folketalet i landsbyen berre var 2 170 i 1970, langt under kravet styresmaktene hadde sett for å verte distriktssenter, gjorde det nære forholdet mellom innbyggjarane og tryggleiksapparatet at al-Mukharram fekk den rolla han no har.[2]

  1. 1 2 Folketeljing 2004 Arkivert 2012-12-20 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  2. 1 2 3 Balanche, Fabrice (2006). La région alaouite et le pouvoir syrien (PDF) (på fransk). Karthala Editions. ISBN 2845868189.
  3. Batatu, 1999, s. 185-186.
  4. Batatu, 1999, s. 154.
  5. Smith, 1841, s. 177.
  6. 1 2 Ibrahim, Shadi. Al-Mukharram: An Oasis in the Heart of the Desert. E-Homs. E-Syria. 2010-05-10.
  7. Mattar, Kinan. First Almond Festival in Al-Mukharram. E-Homs. E-Syria. 2010-05-06.
  8. Batatu, 1999, s. 147.
  9. Batatu, 1999, s. 222.
  10. Batatu, 1999, s. 220.