Al-Qaida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
القاعدة (Al-Qaida)
Cover of an al Qaeda document.jpg
Framsida til eit al-qaidadokument
Skipa 1988
Leiar Osama Bin Laden, Ayman al-Zawahiri
Ideologi Islamisme, pan-islamisme, mujahedin
Misjon Å etablere eit pan-islamistisk kalifat basert på streng islamsk lov, kamp mot «falske» muslimske herskarar, motstand mot det ikkje-islamistiske samfunnet og særleg USA.
Metode sjølvmorsbombarar, veibombar, bilbombar, fleire.
Medlemmer Rundt 75 000-700 000 over heile verda
Internasjonal tilknytting Flagget til Afghanistan Taliban

Flag of al-Qaeda in Iraq.svg Maktab al-Khadamat
Kata'ib Hizbollah
Flag of Jihad.svg Hezb-i-Islami
Flag of Jihad.svg Egyptisk islamsk jihad
Flag of al-Qaeda in Iraq.svg Al Qaida-organisasjonen i det islamske Maghreb
Flagget til Usbekistan Usbekistans Islamistiske Bevegelse
Flag of Jihad.svg Fatah al-Islam
Flag of Jihad.svg Ansar al-Islam
Flag of Jihad.svg Ansar al-Sunna
Flag of Jihad.svg Sipah e-Sahaba
Lashkar-e-Taiba
Flag of Waziristan resistance (1930s).svg Det islamske emiratet Waziristan
Flag of Jihad.svg People's Mojahideen of Iran
Flag of Jihad.svg Jondollah

Flagget til Libya Libyske islamske kjempingsgruppe

Al-Qaida (arabisk القاعدة, 'basen'[1]) er ein islamistisk terroristorganisasjon, kjend for spektakulære sjølvmordsåtak mot sivile mål. Den best kjende aksjonen deira er 11. september-åtaka i USA i 2001, der fleire tusen menneske blei drepne.

Namnet «al-Qaida» tyder 'base'. Namnet er blitt tolka som 'databasen' med oversyn over mujahedin-styrker Osama bin Ladan hadde kontroll over av den britiske utanriksministeren Robin Cook. I 2002 tok gruppa namnet Qa'idat al-Jihad, 'basen (grunnlaget) for jihad'.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Al-Qaida blei grunnlagd av saudiarabaren Osama bin Laden i 1988-89 for å støtta og trena utanlandske muslimske motstandsstyrker mot Sovjetunionen under Den afghansk-sovjetiske krigen. Mot slutten av krigen byrja Al-Qaida og mange liknande grupper å retta interessa mot andre konfliktområde, som Israel og Kashmir.

Etter at sovjetarane trekte seg ut av Afghanistan i 1989 vende Bin Laden tilbake til Saudi-Arabia. Året etter invaderte Irak under Saddam Hussein nabolandet Kuwait, noko som også sette dei saudiarabiske oljefelta i fare. Bin Laden tilbaud sine trente mujahedin til å forsvara landet, men kong Fahd tok heller imot hjelp frå amerikanske og allierte styrker. Det at desse styrkane fekk koma inn i og vanhelga «landet med dei to moskeane» (Mekka og Medina) gjorde Bin Laden rasande. Etter å ha talt imot styresmaktene for å ta imot amerikanske styrker blei han landsforvist. Oppmoda av Hassan al-Turabi drog Bin Laden og al-Qaida i eksil til Sudan, der Omar al-Bashir nyleg hadde teke makta. Dei bistod dei sudanesiske styresmaktene gjennom å setja opp ulike verksemder og militære treningsleirar. Her samarbeidde dei med Egyptisk islamsk jihad, leidd av Ayman el-Zawahiri.

I 1993 støtta Saudi-Arabia Oslo-avtalen mellom Israel og palestinarane, noko som førte til skarp kritikk frå bin Laden. I 1994 mista blei han fråteken det saudiske statsborgarskapet sitt og mista pengestøtte heimanfrå.

Egyptisk islamsk jihad (EIJ) var ein kjerne for al-Qaida, men utførte òg eigne aksjonar retta mot det egyptiske regimet. I 1993 utførte dei eit mislukka attentat mot den egyptiske statsministeren Atef Sedki, der ei skulejente blei drepen i staden. I 1995 stod dei bak eit attentatforsøk mot den egyptiske presidenten Hosni Mubarak. Egyptisk opinion vende seg mot gruppa, og statsmakta slo hardt ned på dei gjennom arrestasjonar og avrettingar.

Sudan utviste EIJ i 1995 etter at gruppa hadde utført eigne avrettingar i landet. I mai 1996 blei også bin Laden utvist. Afghanistan, som var styrte av den fundamentalistiske Taliban-rørsla, ønskte dei velkomne tilbake. Al-Qaida fekk ei rolle i forsvarsdepartementet deira.

Al-Qaida sine ideologar hadde lenge støtta tanken om ein «global jihad» for å reinska muslimske land for ikkje-muslimar. Al-Zawahiri var sterkt inspirert av Sayyid Qutb si lære om at folk som kalla seg muslimar, men ikkje følgde den rette læra, var å reknast som fråfalne. Slik var også regime i ulike muslimske land blitt mål Egyptisk islamsk jihad.

I 1996 utlyste gruppa ein fatwa om å fordriva utanlandske styrker og makter frå muslimske land, ei krigserklæring mot USA og allierte land. 23. februar 1998 gjekk bin Laden og al-Zawahiri endå sterkare ut med ein fatwa som baud alle muslimar drepa amerikanarar og deira allierte overalt der dei kunne. I 2001 eller 2002 slo al-Qaida og Egyptisk islamsk jihad seg saman til Qa'idat al-Jihad.

Terroråtak[endre | endre wikiteksten]

1992: Aden

Det første åtaket til al-Qaida fann stad 29. desember 1992 i Aden, hovudstaden i Jemen. To bomber eksploderte utanfor Movenpick Hotel og Goldmohur Hotel. Målet for bombinga var amerikanske soldatar på veg til Somalia under Operation Restore Hope, men desse budde på eit anna hotell. To blei drepne i åtaka, og fleire jemenittar blei hardt skadde. Åtaket var også eit tidleg døme på fleire koordinerte bombeåtak som hovudsakleg råka sivile.

1993: New York

I 1993 køyrde Ramzi Yousef ein lastebil fylt med sprengstoff inn i World Trade Center i New York i eit forsøk pa å få begge tårna til å styrta. Planen lukkast ikkje, tårna svaia berre og fekk noko strukturskade, men seks menneske blei drepne og over tusen skadde. Yousef blei seinare teken til fange i Pakistan og dømd til fengsel på livstid i USA. Yousef oppgav politiske motiv for åtaket, ikkje religiøse. Det finst ingen prov på at Yousef er knytt til al-Qaida, og både han og talsmenn for organisasjonen har nekta for samband. Det er likevel verdt å merka seg at Yousef er nevø av Khalid Sheikh Mohammed, som har hatt ei høgtståande stilling i al-Qaida.

Frå 1995: Åtak på ambassadar og amerikanske mål utanlands

19. november 1995 utførte Egyptisk islamsk jihad eit bombeåtak mot den egyptiske ambassade i Islamabad i Pakistan der 16 døydde og 60 blei såra. Åtaket blei symptomatiske for seinare aksjonar al-Qaida skulle utføra.

I juni 1996 bomba al-Qaida Khobar Towers, ein bygning i Khobar i Saudi-Arabia som husa personell frå det amerikanske luftvåπenet. 19 blei drepne og 372 såra.

I november det året vitja den amerikanske presidenten Bill Clinton Manila på Filippinane under eit APEC-møte. Bin Laden skal sjølv ha planlagt eit attentat mot han, men kommunikasjon om attentatet blei fanga opp og det blei funnen ei bombe under ei bru.

7. august 1998, utførte medlemmer av Egyptisk islamsk jihad to simultanåtak på dei amerikanske ambassadane i Dar es Salaam i Tanzania og Nairobi i Kenya. Noko over 300 døydde, dei fleste lokale sivile. Åtaka gjorde at bin Laden og al-Zawahiri kom i det amerikanske søkelyset, og FBI plasserte bin Laden på si «Ten most wanted»-liste.

I oktober 2000 utførte al-Qaida eit sjølvmordsåtakjagaren [[USS «Cole» (DDG-67)|USS «Cole» då skipet låg utanfor Jemen. Åtaket drap 17 amerikanske militære og skadde fartøyet. Etter denne vellukka aksjonen fekk gruppa stor sjølvtillit og byrja førebu eit åtak inne i USA.

2001

Bygningskart som viser korleis to fly flaug på World Trade Center i New York.

11. september 2001 utførte al-Qaida sitt største åtak og fanga merksemda til heile verda. Dei kapra fire fly og flaug to av dei inn i World Trade Center i New York. Eitt blei styrta i Pentagon og eitt krasjlanda i ein åker i Pennsylvania etter at passasjerar og besetning hadde teke opp kampen mot kaprarane. Åtaket førte til at dei to tårna i World Trade Center fall saman, og om lag tre tusen menneske blei drepne. Åtaket førte til at USA erklærte «Krig mot terrorisme» og gjekk inn for å nedkjempa al-Qaida. Det førte òg til kraftige omleggingar av flytryggleik for passasjerar.

Etter 2001 har al-Qaida eller tilknytte grupper vore knytt til åtak i Istanbul i 2003, Madrid og Khobar i 2004, London og Amman i 2005, Algier i 2007 og den danske ambassaden i Pakistan i 2008. I 2009 prøvde Umar Farouk Abdulmutallab å sprenga eit Northwest Airlines-fly og i 2010 blei det gjort forsøk på å senda eksplosiv med lastefly frå Jemen.

Sidan 2003 har al-Qaida i Irak, leidd av Abu Musab al-Zarqawi, stått for fleire terroråtak i Irak.

Frå 2000-åra av har Somalia og Jemen blitt viktige kjerneområde for al-Qaida att. Medan dei øvste leiarane gøymer seg for USA og allierte styrker i grenseområda mellom Afghanistan og Pakistan, har mange mellomleiarar har basert seg i områda ved Afrikas horn og oppretta kontakt med grupper som al-Shahab.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!