Al-Qalamoun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°22′60″ N 35°46′60″ E
Al-Qalamoun
by
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Tripoli distrikt
Koordinatar 34°22′60″ N 35°46′60″ E
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al-Qalamoun

Al-Qalamoun (arabisk القلمون) er ein kystby ved Middelhavet i Nord guvernement i Libanon i Tripoli distrikt.[1][2] Byen ligg 5 km sør for Tripoli[3] og er òg den første byen sør for Tripoli.[4]

Namn[endre | endre wikiteksten]

I gresk-romersk tid vart Al-Qalamoun kalla Kalamos eller Kalomo, medan han under krosstoga vart kalla Calmont eller Calamón.[5][6]

Variantar av det moderne namnet er: El-Qalmoun, Al-Qalamun, El-Qalmoûn, Al-Qalamūn og El-Qalamoûn.[7]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Qalamoun har ei historie som dekkjer 5000 år[8] og i løpet av historia har han vore ein jordbrukslandsby.[9]

I moderne tid har han vorte eit senter for smedarbeid i kopar, messing og bronse.[10][11][12][13][14][15]

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Det står ein gammal moské i Al-Qalamoun kalla Bahr-moskeen. Moskeen er kring 800 år gammal, bygd på tida dåTripoli vart styrt av krossfararar. Moskeen vart restaurert av sjeik Ali al-Bagdadi (1778).

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimadata for Al-Qalamoun i Libanon
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 16 17 18 21 25 28 30 30 29 26 22 18 23
Normal min. temp. °C 8 7 10 12 16 19 22 22 21 17 12 10 15

Normal mengd nedbørdagar 6 4 4 2 0 0 0 0 0 2 2 4 24
Kjelde: climate-zone.com/[16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]