Al-Qaryatayn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Qaryatayn
القريتين, Karyatayn
by
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Homs
Nahiyah Al-Qaryatayn
Koordinatar 34°14′N 37°14′E / 34.233°N 37.233°E / 34.233; 37.233
Folketal 14 208  (2004)
Tidssone EET (UTC+3)
Kart
Al-Qaryatayn
34°13′46″N 37°14′26″E / 34.229444444444°N 37.240555555556°E / 34.229444444444; 37.240555555556
Wikimedia Commons: Al-Qaryatayn

Al-Qaryatayn (arabisk القريتين, òg skrive Karyatayn, Qaratin eller Cariatein) er ein by sentralt i Syria i Homs guvernement søraust for Homs. Han ligg i ein oase i Den syriske ørkenen. Av stader i nærleiken finn ein Tadmur (Palmyra) i nordaust, Furqlus i nord, al-Riqama og Dardaghan i nordvest, Mahin, Huwwarin og Sadad i vest, Qarah, Deir Atiyah og al-Nabk i sørvest og Jayrud i sør. Al-Qaryatayn tyder «dei to landsbyane».

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Qaryatayn eit folketal på 14 208 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Qaryatayn nahiyah («underdistrikt») som består av tre stader med eit samla folketal på 16 795 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunni-muslimar og syrisk kristne.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Det står fleire bygg frå gresk-romersk tid i al-Qaryatayn, mellom anna eit stort bad kalla Hamaam Balkis («Badet til Sheba»). Under Romarriket tente han som ein populær kurstad.[3] Det finst òg fleire korintiske søyler og marmorornament frå denne tida, då den nærliggande byen Palmyra var ein storby i regionen.[4] Før det islamske styret på 600-talet fvt., hadde ghassanidane eit militært anlegg i byen.[5]

Islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

Under den muslimske erobringa av Syria, stod innbyggjarane i al-Qaryatayn imot armeen til Khalid ibn al-Walid sommaren 634. Førstnemnte vart slått og styrkane til Khalid erobra byen og tok eit stort bytte frå byen før han heldt fram med å erobre andre byar i området.[6] Under Abd al-Malik sitt styre over Umayyade-kalifatet (646–705), nytta sonen hans al-Walid I al-Qaryatayn i lag med dei nærliggande byane som base for operasjonane sine.[7] Al-Walid II, som vart kjend for å vere ein korrupt kalif, heldt selskap ved Umayyade-palasset i al-Qaryatayn under den korte regjeringstida si mellom 743 og 744.[8]

Seint i 1104 døydde seldsjukk-prinsen (emir) Suqman ibn Artuq i byen på veg til Damaskus etter å ha blitt kalla dit av herskaren i byen, Zahir ad-Din Tughtekin.[9] Den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi vitja al-Qaryatayn tidleg på 1200-talet og skildra han som «ein stor landsby som høyrer til Hims, og ein ørkenveg. Han ligg mellom Hims, Sukhnah, og Arak ... Han ligg to marsjar frå Tadmur [Palmyra].» Han noterte òg at alle innbyggjarane var kristne.[10] Ein 10 000 mann stor brigade av mongolar raida byen og området kring i 1260. Seinare det året, tvang ein styrke mamelukkar leia av emir Salar ein tilbaketrekkande mongolsk styrke attende til al-Qaryatayn.[11]

Osmansk styre[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet gjekk det nedover med økonomien til al-Qaryatayn, som var avhengig av kameltransporttenester, då nye transportmidlar kom til, særleg dampskip og tog. Dette førte til at langt færre pilegrimar på veg til Mekka drog forbi al-Qaryatayn.[12] Midt på 1800-talet, under regjeringstida til den egyptiske guvernøren i Syria, Ibrahim Pasha, var al-Qaryatayn ein liten landsby med bustadhus bygd av gjørmesteinar.[4] I 1850-pra vart al-Qaryatayn skildra som ein «stor landsby» der to tredjedelar av innbyggjarane var muslimar og resten kristne.[13] Dei fleste kristne høyrte til jakobittiske (ortodoks) følgjarar som konverterte til katolisismen som ein del av ein veksande trend blant syriske kristne på den tida.[14]

Under eit besøk i 1913 skildra den amerikanske turisten Lewis Gatson Leary al-Qaryatayn som ein «eldgamal» men no «ein skiten landsby».[3] Tidleg på 1900-talet noterte den britiske forfattaren Gertrude Bell at den sterkaste «røvaren» i Syria på den tida, Fayyad Agha, hadde base i al-Qaryatayn.[15]

Den syriske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

I det meste av den syriske borgarkrigen, som byrja i mars 2011, var al-Qaryatayn relativt nøytral. Dei eldre i byen gjorde avtale med både regjeringsstyrkane og opprørarane om å halde seg borte frå kampane. Plasseringa er likevel strategisk fordi han ligg mellom nordlege og sørlege delar av landet. Al-Qaryatayn har tent som kanal for begge sider. Opprørarar har smuglar våpen frå nord til opprørarar i Damaskus, medan styresmaktene har nytta byen til å forsterke og sende nye forsyningar i nord og vest.[16] Han har òg blitt nytta som ein korridor for avhopparar frå den syriske hæren.[17]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Qaryatayn Underdistrikt, Central Homs-distriktet, Homs guvernement. (arabisk)
  2. Smith, 1841, s. 174.
  3. 3,0 3,1 Leary, 1913, s. 129.
  4. 4,0 4,1 Addison, s. 236.
  5. Bosworth, 1980, s. 117.
  6. Blankinship, 1993, s. 110
  7. Necipoglu, 1996, s. 32.
  8. Hitti, s. 480.
  9. Richards, 2006, s. 90.
  10. le Strange, 1890, s. 481.
  11. Abu al-Fida memoirs, Holt 1983, s. 41–42.
  12. Chatty, 2006, s. 63.
  13. Porter, 1858, s. 541–542.
  14. Joseph, 1983, s. 51.
  15. Bell, 1907, s. 152.
  16. Neutral syrisk town drawn into battle. Al Jazeera English. 2013-04-24.
  17. syrisk defectors converge on central town. Al Jazeera English. 2013-04-26.