Quneitra guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Al-Qunaytirah guvernement)
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°7′34″ N 35°49′26″ E
Quneitra guvernement
مُحافظة القنيطرة
guvernement
PikiWiki Israel 20232 View from Mt. Bental.JPG
Land Flag of Syria.svg Syria
Manatiq (Distrikt) 2
Hovudstad Quneitra
Koordinatar 33°7′34″ N 35°49′26″ E
Areal 1 200 km²
Folketal 90 000
ISO 3166-2 kode SY-QU-
Språk arabisk
Kart over Syria med Quneitra guvernement avmerkt (1964-1967).
Kart over Syria med Quneitra guvernement avmerkt (1964-1967).
Kart som viser kva del av Quneitra som i røynda er under syrisk styre (1967-2011).
Kart som viser kva del av Quneitra som i røynda er under syrisk styre (1967-2011).
Wikimedia Commons: Quneitra Governorate

Quneitra guvernement (arabisk مُحافظة القنيطرة, Muḥāfaẓat Al-Qunayṭrah) er eit av fjorten guvernement (provinsar) i Syria. Det ligg sør i Syria og omfattar Golanhøgdene.

Guvernementet grensar til Libanon, Jordan og Israel. Arealet varierer etter forskjellige kjelder, frå 685 km²[1] til 1 861 km².[2] Guvernementet har ein folkesetnad på 87 000 (estimat 2010).[1] Den pålydande hovudstaden er den no fråflytta byen Quneitra. Mykje av guvernementet vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967 og Yom Kippur-krigen i 1973 (kalla oktoberkrigen i arabiske land) og dannar i dag dei omstridde israelskokkuperte Golanhøgdene.

Etter at den syriske borgarkrigen braut ut, har Quneitra guvernement, inkludert ein nøytral SN-observasjonssone, vore åstad for harde kampar mellom syriske opprørarar og dei statlege styrkane.

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Guvernementet er delt inn i to distrikt (manatiq):

som vidare er delt inn i to underdistrikt (nawahi).

Fiq
Elmahjer

som offisielt er delt inn i seks underdistrikt (nawahi):

Quneitra (hovudsakleg nøytral sone sidan 1973)
Jabta Elhashab
Massade (under israelsk okkupasjon sidan 1967)
Hushnia (under israelsk okkupasjon sidan 1967)


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]